Syn- og hørselskontaktDersom du har utfordringar med syn eller hørsel kan du kontakta kommunens syn- og hørselkontakt. Syn- og hørselskontakten hjelper deg med å: Kartlegga behova dine. Gje råd og rettleiing til praktiske og tekniske tiltak. Søka om hjelpemiddel ved behov. Kven kan få hjelp av syn- og hørselskontakten? Du kan få hjelp av syn- og hørselskontakten dersom du: Har problem med å høyra dørklokka, brannvarslar, det som vert sagt i samtalar og liknande. Har vanskar med å lesa, skriva eller anna nærarbeid. Har vanskar med å orientera deg ute/inne på grunn av svekka syn. Ved nedsatt syn må dokumentasjon frå augelege vedleggjas. Dokumentasjonen må ikkje vera eldre enn ett år. Korleis kan eg få time hjå syn- og hørselskontakten? Send søknadsskjemaet i posten til: Syn- og hørselskontakt i Hå, Lyngvegen 14, 4365 Nærbø. Søknadsskjema finn du her (PDF, 124 kB) Ikkje send sensitive opplysningar på e-post. Vil du ha kontakt med likeperson for høyreapparatbrukarar? Kvar torsdag klokka 15.00-18.00 kan du treffa likeperson på Snadder gatekjøkken på Nærbø. Syn- og hørselskontakten har arbeidstid i Hå kommune tysdagar i partallsveker, kvar onsdag og torsdag. Sist endra 19.04.2023 09.15