Velkommen i fellesskapetAlle barn og vaksne i Hå skal bli ein del av fellesskapet. Alle barn og unge i Hå skal kunna delta i minst ein organisert fritidsaktivitet, uavhengig av foreldra si inntekt. Alle med i Hå Treng barnet ditt hjelp til å koma i gang med ein fritidsaktivitet Valg av aktivitet: Sirwan hjelper til med å finna ein aktivitet som barnet likar.Her er ei oversikt over alle fritidsaktivitetar i Hå. Det første møtet: Sirwan følger barnet til aktiviteten den første gongen. Då er minst ein av foreldra med. Dei får då helsa på trenaren/aktivitetsleiaren. Økonomi: Medan barnet held på med aktiviteteten, snakkar Sirwan med foreldra om økonomi og betaling. NAV har støtteordningar for foreldre som mottek sosialhjelp. Dei største idrettslaga har etablert fond der foreldra kan søka om støtte til å dekka medlemsavgift, treningsavgift og andre utgifter knytta til aktiviteten. Søknaden vert behandla av dagleg leiar i idrettslaget, og vert meir sett på som ein formalitet enn ein formell søknad. Kulturskulen har også sett av midlar slik at barn/unge frå låginnteksfamiliar kan få delta i kulurskuletilboda. Utstyr: Det er mange som manglar utstyr til fritidsaktivitetar, men takka vera fond, NAV, innsamlingar og utstyrspool, kan me hjelpa til med å ordna dette. Oppfølging: Når det har gått ei stund, tek Sirwan kontakt igjen, og sjekkar om barnet trivst, har det utstyret det treng og om det er noko anna han kan hjelpa med. Treng du klede eller utstyr? Me har klede, leiker og utstyr me deler ut til dei som treng det. Ta kontakt, så hjelper me deg. Treng du hjelp til å treffa andre småbarnsforeldre? Me kan hjelpa deg med å koma i gang med open barnehage. Renate Erga Cederstrøm kan vera der i starten om du ønsker. Me kan også hjelpa deg med å finna aktivitetar i nærmiljøet. Her kan du sjå ein brosjyre med forslag til aktivitetar. (PDF, 337 kB) Me kan hjelpa deg med søknadar og anna som trengst for å delta i fritidsaktivitetar. Kvifor er det viktig å vera ein del av fellesskapet? Gjennom deltaking i fritidsaktivitetar er det lettare å bli inkluderte i lokalmiljøet og å læra det norske språket. Sjansen for at å lukkast i skule- og arbeidslivet på sikt, er også større. Dette er viktig i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Fritidsaktivitetar er også med på å førebygga utanforskap og radikalisering. Informasjonsvideoar Ta kontakt Sirwan Saduun Telefon: 414 62 277 E-post: smoh@ha.kommune.no Sirwan er prosjektleiar for «Alle med i Hå». Prosjektet rettar seg mot alle barn og unge. Sirwan har god utdanning innan idrett og interkulturelt arbeid. Han snakkar seks språk og har eit brennande engasjement for å hjelpa andre. Renate Erga Cederstrøm Telefon: 450 44 821 E-post: renate.cederstrom@ha.kommune.no Renate Erga Cederstrøm er prosjektleiar for «Alle med i Hå, tidleg innsats». Ho hjelper små barn og familiar til å bli ein del av samfunnet. Sist endra 09.02.2023 14.18