Vil du klarlegga grensene på eigedommen din?

Du kan få klarlagt ei tidlegare bestemt eigedomsgrense ved å bestilla oppmålingsforretning hos kommunen.

Me  skil mellom to ulike typar av klarlegging/påvising:

1. Påvisa grense

Viss grensa har koordinatar som tilsvarer dagens standard, kan kommunen merka grensene. 

2. Klarlegga grense

Viss grensa er oppgitt skriftlig i eldre dokument, må naboane bli einige om kor grensa går, og kommunen merkar i samsvar med dette. 

Slik søker du
  • Skjema for å bestille påvisning eller klarlegging av eksisterende grenser.

Hent skjema fra Kartverket sin nettside her    

  • Hovudregelen er at det er den som har grunnboksheimel som eigar som rekvirerer og sender bestillinga. Bestillinga sendast elektronisk til teknisk@ha.kommune.no eller Hå kommune, Rådhusgata 8, 4360 Varhaug.
  • Legg med kopi av målebrev eller kartutsnitt kor det er markert kva grensepunkt eller grensestrekning som skal påvisast eller klarleggast.

Her kan du bestille situasjonskart

  • Eller

Her kan du bruke kartportalen            

Gjennomføring av oppmålingsforretning
  • Me tek kontakt med deg og avtaler tidspunkt for møte og oppmåling. Me sender varsel om oppmålingsforretning til bestillar (rekvirent), naboar og moglege rettighetshavarar. Varselet blir sendt ut minst to veker føre oppmøte i marka. Anna tidsfrist kan avtalast. Dersom nokon skal møte i staden for dei som er varsla, må desse ha skriftleg fullmakt.

  • Under oppmålingsforretninga vil dei eksisterande grensene bli påvist i samsvar med dokument og partane sine påstandar. Alle eigedomsgrenser som blir avklart i oppmålingsforretninga blir registrert i matrikkelen (nasjonalt eigedomsregister).

  • Kart- og oppmålingsavdelinga har 16 veker på seg å gjennomføre merking og måling av grensene.

  • Etter at avklarte grenser er ført i matrikkelen vil alle berørte partar bli gjort kjent med matrikkelføringa.

Kva kostar dette?

Utdrag av gebyrregulativet:

  • Klarlegging (påvisning) av grense der grensa er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning, 2 pkt: kr 3800,-
  • For kvart overskytande grensepunkt: kr 400,-
  • Klarlegging (påvisning) av grense der grensa ikkje tidligare er koordinatbestemt, 2 pkt: kr 6750,-
  • For kvart overskytande grensepunkt: kr 700,-