Sjekk ut læringsfabrikken HubbenHå kommune har i samarbeid med Haugstad møbel AS og Ungt entreprenørskap etablert læringsfabrikken Hubben. Målet med prosjektet er å auka læringsutbyttet og motivasjonen til elevane, og dessutan gjera skulegangen meir relevant og praksisnær. Hubben ligg på Varhaug. Her er ei lenkje til Hubben sine heimesider. Hit kjem elevane til 9. trinn frå alle dei fire ungdomsskulane i kommunen for å etablera og driva elevbedrifter. Elevane har Hubben som arbeidsplass ein heil dag annakvar veke. Til saman arbeider elevane med prosjektet i omtrent 60 skuletimar i løpet av eit skuleår. Prosjektet blir avslutta med ei messe der elevane sitt arbeid blir presentert og seld til interessentar. Sjå innslag frå då TV Vest var på besøk i Hubben. Skaparglede og samarbeid Elevbedriftsarbeidet er organisert som eit tverrfagleg prosjekt og blir knytt opp mot kompetansemål i fleire fag på skulen. Gjennom etablering og drift av si eiga elevbedrift får elevane utvikla kreativiteten sin, initiativ og samarbeidsevne. Dei får etablera prosjekt med utgangspunkt i eigne interesser, og får erfaring med skaparglede, engasjement og utforskertrong. Dei får òg erfaring med å kommunisera og samarbeida med kvarandre internt i bedrifta, men også ut mot kundar og lokalt næringsliv. Dette er kompetansar me meiner er viktige for å møta eit moderne arbeidsliv som er i kontinuerleg endring. Her er ei lenkje til Hubben Læringsfabrikk si heimeside Reduserer avfall og miljøavtrykk I «Hubben» får elevane tilgang til møblar og innreiingar som blir byta ut av kundar av Haugstad møbel AS. Fleire av elevane vel å etablera elevbedrifter som tar utgangspunkt i desse møblane, og gir dei nytt liv gjennom design og redesign. Slik bidrar elevane til å redusera avfall og miljøavtrykk. Elevane blir òg bevisstgjorde Norge si rolle i verda ved at 10% av overskota til bedrifta blir donerte til eit velgjerande formål. Dermed bidrar elevane til å gi betre levekår, og nye moglegheiter og tenester til personar i samfunnet som treng det. Sist endra 28.05.2023 04.03