Viktig melding

Lukk meldinga

Privat heimeundervisning i grunnskulen

Denne artikkelen omhandlar privat heimeundervisning og det kommunale tilsynet med den denne undervisninga.

Lovgrunnlag

Privat hjemmeundervisning inneber at foreldra sjølv underviser sine eigne barn. Retten til privat heimeundervisning er forankra i menneskerettskonvensjonar og er slått fast i opplæringslova § 2-1 om tilsvarande undervisning og § 2-13 om privat grunnskoleopplæring i heimen

Av desse paragrafane går det fram at barn og unge gjennom opplæring i heimen skal få ei moglegheit til å tileigne seg tilsvarande kunnskapar som i den offentlege grunnskulen. Forskrift til opplæringslova § 1-1 seier at opplæringa i grunnskulen skal vera i samsvar med læreplanverket.

Tilsyn

Etter opplæringslova § 14-3 har kommunen heimel til å føre tilsyn med privat heimeundervisning: Kommunen fører tilsyn med den pliktige opplæringa for barn og unge som ikkje går på skole, og kan òg kalle dei inn til særskilde prøver. Kommunen skal krevje at barnet eller den unge skal gå i skole dersom dei krava lova her med forskrifter stiller til heimeopplæringa, ikkje er oppfylte. Avgjerda inneber at kommunen både har ein rett og ei plikt til å føre slikt tilsyn. 

I førerarbeida til lova står det at tilsynet bør skje i samarbeid med foreldra: Heimeopplæringa er ikkje lovleg dersom tilsyn ikkje er mogleg som følgje av manglande samarbeid frå foreldra. I slike tilfelle skal kommunen krevje at barnet skal gå i den offentlege skolen.

Kommunen har ansvaret for å føre tilsynet, men har delegert til rektor å stå for den praktiske gjennomføringa. Rektor skal i tilsynet blant anna ivareta kommunen sin plikt til å anerkjenne foreldra sin rett til å tilpasse opplæringa ut frå føremålet med heimeundervisninga, i dei tilfella livsynssmessige eller pedagogiske forhold ligg til grunn for ønsket om privat heimeundervisning.

Meir informasjon

Du kan lesa meir om privat heimeundervising i grunnskulen på Utdanningsdirektoratet sine heimesider. Her er ei lenkje til rundskrivet Privat hjemmeundervisning Udir 5-2013.