Avløp

Det kommunale leidningsnettet for avløp er om lag 377 km. Oppgradering av overvassnettet vil krevje vesentlege ressursar i åra framover.

Avløp er ei felles nemning for spillvatn og overvatn. Spillvatn er i hovudsak vatn som kjem ut av huset. Overvatn er i hovudsak det som kjem på utsida av huset.

Fordrøying av overvatn er i dag meir aktuelt enn nokon gong. Større nedbørsmengder og fleire tette flater gjer det vanskeleg å handtere den auka vassmengda for kommunale leidningar. For å halde avløpsavgiftene nede, er det viktig å skilje overvatn frå spillvatn.

Legging av leidning for drenering og takvatn

Alle bygg i kommunen skal ha separate leidningar for drenering og takvatn. Ein drensleidning, og ein tett leidning for takvatn. Alle røyrleggjarar må gjennomføre denne praksisen.

Utslepp frå mindre avløpsanlegg

Kommunane på Jæren og i sørlige del av Ryfylke har utarbeida felles lokal forskrift for utslepp av sanitært avløpsvatn. Denne gjeld for mindre enn 50 pe (personekvivalentar), frå bustader, hytter, turistanlegg og liknande.

Private avløpsanlegg

Abonnentar som ikkje er knyta til kommunalt avløpsnett er sjøl ansvarlig for sitt private avløpsanlegg. Dei fleste gamle anlegg er slamavskiljarar, eller septiktank, med synkegrøft. Desse tømes annakvart år. Entreprenør som tømer på oppdrag frå kommunen, sender ut varsel og infoskriv på førehand.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000