PPT - Pedagogisk Psykologisk TenestePedagogisk Psykologisk Teneste (PPT) gir direkte hjelp til barn og unge, og rådgjeving/rettleiing til føresette og personale i barnehage/skule. Tenesta gjeld for barn frå 0 - 16 år og for vaksne med behov for opplæring på grunnskulen sitt område. Tenesta skal medverka i tverrfagleg samarbeid om førebyggjande tiltak i oppvekstmiljøet. PPT skal og vera kommunen sitt sakkunnige organ i spørsmål om spesialpedagogiske tiltak. Opplæringslova krev og sakkunnig vurdering i ein del andre tilfelle: - For tidleg eller utsett skulestart. - Fritak frå opplæringsplikta. - Teiknspråkopplæring. - Punktskriftopplæring for blinde og sterkt svaksynte. Tilvising til PPT vil til vanleg koma frå helsestasjon/lege, sosialkontor, barnehage, skule eller direkte frå føresette. PPT samarbeider med skular og barnehagar om førebyggjande tiltak, slik som; - Å leggja til rette for eit godt læringsmiljø i skule og barnehage. - Klassemiljøutvikling. - Kurs for tilsette i skule og barnehage. - Deltaking på foreldremøte og liknande. I arbeid med enkeltbarn/elevar, startar vi med å samtala med dei føresette. Vidare arbeid kan mellom anna vera: - Observera barnet. - Ta ulike testar. - Arbeida direkte saman med barnet. - Samtala med barn og/eller føresette. - Gi råd til føresette. - Gi råd til tilsette i skule og barnehage. PPT samarbeider med andre hjelpeinstansar i og utanfor kommunen når dette er nødvendig. Dette må skje i forståing med heimen. Besøksadresse: Håvegen 61, 4365 Nærbø Postadresse: PPT for Hå, postboks 74, 4368 Varhaug Publisert 18.02.2022 09.33