Viktig melding

Lukk meldinga

Strategi for sosiale medier

2 Ambisjonar

Følgarar på sosiale medier
Følgarar Februar 2022 Mål for 2022
Facebook 7692 8000
Instagram 953 2000

 

Hå kommune har eit ønske om å nå ut til flest mogleg innbyggarar gjennom sosiale medier. Talet på følgarar er dermed ein viktig faktor for kor effektiv kanalen blir.

 

Engasjement

Engasjement har også noko å seia for kor langt ut me når med bodskapen. Hå kommune har gjort seg gode erfaringar og har hatt ein enorm rekkevidde på fleire av innlegga.

 

Verktøy for å oppnå engasjement i sosiale medier:

  • Gode, lokale bilete
  • Bruka språket som passar kanalen
  • Invitera til deltaking
  • Velja kvalitet

 

Vurdera personvernet

Hå kommune bryr seg om personvernet til innbyggarane. Me vil i løpet av 2022 ta ei risikovurdering av Facebook og Instagram vurdert opp mot personvern og informasjonssikkerhet. Dette vil me gjera saman med andre kommunar.