3 Retningslinjene våre
Hovudregel: Fridom med ansvar
Følgande retningslinjer gjeld for alle som administrerer sider som er oppretta i Hå kommune sitt namn:
3.1 Roller, ansvar, profil og bodskap
Roller, ansvar, profil og bodskap
- Husk at me alltid representerer kommunen når me skriv og svarer på kommunen si facebookside.
- Innlegg som blir publisert eller delt på kommunen si facebookside, skal ikkje innehalda partipolitisk bodskap. Dei fire siste månadene før eit val skal facebookredaksjonen heller ikkje dela frå sider som formidler politiske meiningar (f.eks ordføraren si side).
- Me sensurerer som hovudregel ikkje kommentarar frå innbyggarar. Men dersom det er personhets eller utlevering av sensitive personopplysningar, skjuler me kommentarane.
- Me ønsker å legga ut informative og publikumsnyttige meldinger. Snakk om og til innbyggarane. Fokuser på kva eit vedtak eller ei teneste betyr for den enkelte innbyggar.
- Me vil engasjera, ikkje provosera. Bodskap for hovudet – innpakning for hjarta.
- Me framsnakkar og vil gjera innbyggarane i kommunen stolt av å bu i Hå. Det fremjer felles identitet med følgarane våre.
- Me saksbehandler aldri på nett. På spørsmål som krev saksbehandling, eller har verdi som dokumentasjon, gjer me innsendar merksam på kommunen si dokumentasjonsplikt. Etterpå formidlar me spørsmålet vidare til rette instans.
- Det er lov å ha det gøy på Facebook – bruk gjerne humor! Rett bruk av humor kan vera nøkkelen til viral spreiing av ein bodskap, og kan gjera sjølv den mest trivielle bodskapen meir interessant. Men ver varsam så humoren ikkje krenker eller støter nokon.
- Som hovudregel marknadsfører me ikkje same arrangement eller sak meir enn ei gong. Unntak er arrangement eller kampanjar med eigne kommunikasjonsstrategiar styrt frå kommunikasjons- og innovasjonsavdelinga.
- Ver i forkant og inviter med innbyggarane på arrangement, heller enn å dela bilete i etterkant.