Viktig melding

Lukk meldinga

Barn som pårørande

Illustrasjon av to føresette som held eit born mellom seg - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Barn og unge kan vera pårørande ein eller fleire gonger i løpet av oppveksten sin. Nokre opplev at dei vert pårørande akutt, medan andre er pårørande heile oppveksten sin.

Me skal sikra at me "løfter i lag" og sikrar desse barna og ungdommane god oppfølging når dei er i pårørandesituasjonar.

Kva tid er barn pårørande?

Mange barn opplev å vera pårørande i løpet av oppveksten sin. Når noko skjer med foreldre eller søsken, vil dette påverka barnet sin kvardag.

Det er mange årsaker til at barn er pårørande eller at kvardagen blir vanskeleg.​ "Barn som pårørande" skal tolkast vidt i Hå kommune, og er uavhengig av barnet/den unge sin omsorgssituasjon. Målet er at barn skal kunna vera i si rolle som barn, og ikkje måtta ta på seg vaksenoppgåver.

Barn kan verta pårørande når nokon i familien:

  • har psykisk sjukdom, fysisk sjukdom eller skade
  • misbruker av alkohol eller rusmidlar
  • døyr
  • går gjennom samlivsbrot
  • har store økonomiske utfordringar
  • utøver vald
  • sit i fengsel
Kva kan kommunen gjera for barn som er pårørande?

Også i arbeidet med barn som pårørande, skal me nytta rettleiaren for arbeidet med barn og unge i kommunen.

Ansvaret i arbeidet med barn som pårørande kan i tillegg oppsummerast slik:

Identifisering
Alle tilsette som er i kontakt med barn og unge har ansvar for å identifisera barn som er pårørande. Hugs at barnet/den unge kan trenga å sikrast sjølv om han eller ho ikkje viser symptom knyt til sin situasjon.

Sikra
Den som identifiserer må kartlegga om barnet vert følgt opp tilfredstillande.

Oppfølging
Dersom barnet/ungdommen har behov for oppfølging, skal den som har identifisert ta kontakt med Familiesenteret. Hugs å få samtykke til dette. Familiesenteret har ei utvida rolle i arbeidet med barn og unge som er pårørande. Dei vil kartlegga oppfølginga av barnet/den unge, og vurdera om me bør setta inn fleire tiltak. Behov for oppfølging kan spenna frå enkle støttetiltak i barnehage/skule, til meir omfattande hjelpetiltak.
 

Barn med foreldre/føresette som er psykisk sjuke eller som rusar seg - kva gjer me?

Barn som veks opp med foreldre som er psykisk sjuke, er pårørande. Me skal difor jobba med desse barna på den måten som er presentert over.

Grunnhaldninga vår er at foreldra eller omsorgsgjevarar sjølv skal gje informasjon og fylgja opp barna.

Identifiseringa av desse barna kan vera utfordrande. Dersom foreldra/dei føresette får tenester i kommunen, vert det systematisk kartlagt i psykisk helse og rusvern om tenestemottakarar har barn og situasjonen rundt barnet/barn. Det vert også systemtisk vurdert om familien eller barna treng anna oppfølging. Tenesta har eigne barneansvarlege som har utvida ansvar i slike familiar.

Dersom foreldre/føresette ikkje får tenester i kommunen, er det viktig at andre tenester som kjem i kontakt med barn og unge, er bevisste på at foreldre kan ha psykiske lidingar eller rusa seg og at dette gjer at barn og unge er pårørande.

Korleis kan du snakka med barn?

Her er eit godt verktøy for deg som tilsett, som skal snakka med eit barn du er bekymra for.

Kartlegging - korleis vurdera om barnet treng meir støtte?

Gode spørsmål du kan stilla deg når du møter eit barn/ein ungdom som er pårørande:

  • Er foreldra i stand til å ivareta og bistå barnet i den aktuelle situasjonen?
  • Korleis er dagleglivet til barnet organisert og ivaretatt?
  • Korleis fungerer barnet i barnehage og skule?
  • Klarer barnet å leika og vera med vener?
  • Viser barnet teikn på at han/ho er usikker, redd eller bekymr?
  • Ha eit spesielt auge på dei "flinke barna" som tilsynelatande taklar situasjonen godt, men som likevel kan ha behov for hjelp.
  • Har barnet eller familien hjelp frå hjelpeappartet?
  • Har barnet nokon å snakka med?
  • Får barnet tilstrekkeleg støtte og oppfølging?
Kva kan du gjera for barn/unge i sorg og krise?

Barn er sterkare enn me trur, men dei kan verta alvorleg prega av kriser. Måten me vaksne reagerer er svært viktig, og kan hjelpa barn og unge å koma seg vidare på ein god måte. Les meir om kva du som vaksen kan gjera i slike situasjonar.