Viktig melding

Lukk meldinga

Barne- og ungdomsløftet - rettleiar for tilsette

Illustrasjon av to føresette som held eit born mellom seg - Klikk for stort bilete


Me ynskjer å "løfta i lag" i arbeidet for barn og unge me er uroa for. For å klara det, har me laga ei oversikt over korleis me arbeider saman. Dette sikrar at me gir rett hjelp, til rett tid.

 

 

 

Kva gjer eg i det daglege - trinn 0?

På dette nivået arbeider du etter kompetansen din om barn og unge og kunnskapen din om barn i risiko for å utvikla vanskar. Bruk oversikta "Kva vert me bekymra for?" (PDF, 219 kB).

  1. Drøft bekymringa di med næraste leiar eller ein kollega. Konkretiser det du er bekymra for.
     
  2. Dersom du er uroa nok til å snakka med ein kollega eller leiaren din, er du uroa nok til at du må snakka med foreldre/føresette. Dette skal du gjera same veka som du har drøfta det du er uroleg for med kollega eller leiar.

    Dersom du er uroa for at barnet vert utsett for vald eller seksuelle overgrep, skal du ikkje snakka med foreldre/føresette. Då tek du direkte kontakt med barneverntenesta.
     
  3. Avhengig av kva som skjer i samtale med kollega/leiar og foreldre/føresette, må du avgjera om du skal arbeida vidare med det du er uroa for. Dersom du ikkje tenker at vanskane vil gå over, går du vidare til nivå 1 i rettleiaren.

Hugs at du har individuell plikt til å melda til barnevernet.

Du skal dokumentera vurderingar og tiltak etter gjeldande lovverk og forskrift. Snakk med leiaren din dersom du er usikker på korleis du skal gjera dette.

Kva gjer eg på trinn 1?

På dette trinnet er det tiltak som den tenesta som har fanga opp utfordringa har ansvar for. Før du sett inn tiltak kan det vera lurt å ha definert kva utfordringa er.

For å kunna definera utfordringane må du involvera foreldra/føresette og/eller barnet/den unge.

Me skal streba etter å snakka med, ikkje om, dei det gjeld.

Tiltak må også evaluerast.

Tiltak eller kartlegging skal vera sett i gang innan to veker etter fyrste drøfting.

Kva gjer eg på trinn 2?

Når du er kome til trinn 2, tenker du at det er naturleg å ta kontakt med andre tenester. Dette må du sjølvsagt gjera etter samtykke frå den eller dei det gjeld.

Dersom du ikkje får samtykke til dette og meldeplikta di er utløyst, må du senda bekymringsmelding til barneverntenesta.

For å sikra innspel frå andre teneste, får du samtykke og melder saka opp til ressursgruppa i barnehagen eller skulen.

Etter at saka har vore oppe i ressursgruppa sett du i gang avtalte tiltak og sikrar evaluering av desse.

Ressursgruppa vurderer om det er behov for vidare kartlegging.

Etter evaluering må den som har hovudansvaret ta ei avgjersle på om du kan avslutta innsatsen, om du er tilbake på nivå 1, skal fortsetta på nivå 2, eller om du skal vidare til nivå 3.

Kva gjer eg på trinn 3?

På dette trinnet er fleire tenester inne med tiltak, og denne innsatsen skal koordinerast. Måten dette vert gjort på er individuelt tilpassa den det gjeld.

Koordineringa kan gjerast i ei ansvarsgruppe/samarbeidsmøte, eller i individuell plan.

På dette trinnet må gruppa vurdera om tiltak skal avsluttast eller om innsatsen skal fortsetta på nivå  3.