Viktig melding

Lukk meldinga

Forvirra på kva du skal gjera når barna er sjuke?

To barn som sit framfor TV-skjerm - Klikk for stort bileteDet er sikkert mange som har det sånn for tida. Sjuke barn er slitsamt for både små og store.RS-virus, koronavirus eller bare forkjølelse? Her er nokre råd frå kommuneoverlegen.

Det er slitsamt når vaksne og barn er sjuke om einannan, og det kan virka som at det aldri tek slutt. Viss det er ei trøyst, så er de ikkje åleine om å ha det sånn nå. Det er mykje forkjølelse og sjukdom som svirrar for tida. Oppslag i media om RS-virus og koronavirus, kan skapa uvisse og forvirring om korleis du skal handtera alt. Her er nokre råd.

Hald deg heime og test deg

Kommuneoverlege Gerd Signy S. Omland har denne bodskapen til barn og vaksne med nyoppståtte luftvegssymptom:

  • Hald deg heime – det hindrer smittespreiinga uansett virus
  • Test deg
  • Er testen positiv – bestill ny test på Klepp www.c19.no
  • Ta koronavaksinen, om du ikkje har fått den ennå

For meir informasjon om koronaviruset: www.ha.no/korona

 

Stor pågang ved legekontora

Legekontor og legevakta blir for tida nedringt av bekymra foreldre. Dei fleste luftvegsinfeksjonar hjå barn er heilt ufarlege og går over av seg sjølv.

RS-viruset er eit vanleg virus som dei fleste har i tidleg barndom, men hjå enkelte av dei små kan det vera behov for legevurdering.

Kor tid bør du kontakta lege?

  • Dersom barnet får rask og anstrengt pust, feber, hostar mykje, blir slapp og et lite
  • Generelt bør terskel for å kontakta lege vera lågare jo yngre barnet er

 

Her er FHIs råd til foreldre for å redusera risiko for smitte av RS-virus:

  • Hald barn med nye symptom på luftvegsinfeksjon heime frå barnehagen, også når koronatesten er negativ. Dette kan minska smittespreiing til andre barn, uansett virus. Som for andre sjukdommar, er me mest smittsame i starten.
  • Småbarnsfamiliar bør unngå besøk av vaksne og barn som har luftvegssymptom – det er eit godt råd også når det ikkje er virussesong.
  • I familiar med nyfødde og spedbarn, bør besøk avgrensast.
  • Storesysken må vaska hender når dei kjem heim frå barnehagen, før dei helser på spedbarn i familien. 
  • Dersom storesysken blir sjuke, bør foreldre passa på at dei ikkje er tett på spedbarnet, sjølv om det kan vera vanskeleg i praksis. Dette er særs viktig i dei første dagane av ein luftvegsinfeksjon.