Viktig melding

Lukk meldinga

Informasjon om koronaviruset

Desse råda gjeld nå:

  • Ha god hand- og hostehygiene.
  • Følg vaksinasjonsprogrammet.
  • Hald deg heime viss du har nyoppståtte luftvegssymptom og føler deg sjuk.
  • Dei som har høg risiko for å utvikla alvorleg sjukdom bør testa seg med sjølvtest i fire dagar ved luftvegssymptom. Ingen andre treng å testa seg med sjølvtest. Viss du likevel har fått ein positiv test, gjeld dei same råda om å halda deg heime viss du føler deg sjuk.
  • Du treng ikkje registrera positive sjølvtestar hos kommunen.
  • Du treng ikkje vera heime fire dagar ved påvist covid-19.
  • Kontakt lege viss du har behov for helsehjelp.

 

Testing/hurtigtesting
  • Dei som har høg risiko for å utvikla alvorleg sjukdom bør testa seg med sjølvtest i fire dagar ved luftvegssymptom.
  • Ingen andre treng å testa seg med sjølvtest.
  • Dersom du likevel ønsker å testa deg, kan du få utlevert gratis hurtigtest i servicetorget på Hå rådhus (ope kvardagar 09.00-14.00).
  • Dersom du får ein positiv test, bør du halda deg heime om du føler deg sjuk.
  • Ved ønske om PCR-test og registrering i koronasertifikat må du oppsøka private tilbydarar.
Behandling av korona med tablettar
  • Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vera aktuelt at du får behandling med tablettar. Tablettane, som heiter Paxlovid, reduserer risikoen for å bli alvorleg sjuk.
  • Det er viktig at behandlinga med tablettar startar tidleg. Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk og får luftveissymptom, bør du testa deg for korona.

Kven vil ha nytte av tablettar?

Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid-tablettar:

  • Dei som har alvorleg immunsvikt.
  • Dei som er over 65 år, ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene og har ein alvorleg sjukdom.
  • Alle som er over 80 år.

Kven har høg risiko for å bli alvorleg sjuk?

Du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona viss:

  • Du har alvorleg immunsvikt. Til dømes fordi du har beinmargskreft eller lymfekreft og får medisinar som slår ut immunforsvaret.
  • Du er over 65 år, du har ikkje fått vaksne dei siste seks månadene, og du har ein alvorleg kronisk sjukdom.
  • Du er over 80 år.
  • Du er over 50 år og har aldri har tatt koronavaksine.

Meir informasjon om kven som har høg risiko og kva du skal gjera viss du blir sjuk finn du på Helsenoreg

Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjera for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona er å ta koronavaksine.

Koronasertifikat

Her finn du informasjon om koronasertifikat

Strever du med det digitale? Ver ute i god tid med å bestilla koronasertifikat:

Koronasertifikat for ikkje-digitale brukarar

Haster det veldig? Ta kontakt med Nærbø legekontor 51 79 98 00.

Her kan du melda inn dersom det er noko feil med koronasertifikatet ditt

Nyttig kontaktinformasjon

Fastlegen

Føler du deg sjuk er det viktig at du kontaktar fastlegen din for ei vurdering først, for å utelukka moglegheiten for andre alvorlege sjukdommar. 

 

Akutt og alvorleg sjukdom

  • Er du alvorleg sjuk skal du kontakta fastlege eller legevakt 116 117 for helsehjelp. Treng du akutt helsehjelp skal du ringa 113
  • Folkehelseinstituttet gir råd og rettleiing på tlf. 815 55 015 (open kvardagar 08.00-15.30)
  • Kontakt legevakta på 116 117 ved akutt nyoppstått eller forverra sjukdom.

 

Servicetorget

Servicetorget svarar på generelle spørsmål om korona på 51 79 30 00 (open kvardagar 07.45-15.15, telefontid 09-14).

 

Informasjon om koronavirus

Om du har spørsmål om korona som du ikkje får avklart ved å lesa på nettet, kan du ringa 815 55 015.

Les dette før du ringer:

  • Sjekk alltid nettsidene www.fhi.no, www.ha.no/korona eller www.koronasjekk.no før du ringer
  • Er du helsepersonell og lurer på om du kan gå på jobb; drøft med leiaren din.
  • Har du behov for legetime eller lurer på ting som har med fastlegetenestene å gjera, ringer du legekontoret ditt eller legevakt på vanleg måte.

Svar på dei vanlegaste spørsmåla om koronaviruset finn du på Helsenorge

 

Turistar og andre utan fastlege

Viss du er turist eller besøkande i Hå utan fastlege i regionen og får symptom som kan skuldast covid-19, skal du kontakta legevakta på 116 117. Legevakta organiserer testing. Symptom som kan tyda på covid-19 er luftvegsinfeksjon med anten feber, hoste eller tung pust i tillegg. Alle med nyoppstått luftvegsinfeksjon bør testa seg. 

 

Kommuneoverlege i Hå kommune

Gerd Signy Solberg Omland

E-post: gsso@ha.kommune.no

Kor mange er smitta?