Viktig melding

Lukk meldinga

Nå kan du følga byggesaker på nett

Hå kommune har fått på plass eByggWeb.

Ved å gå inn på eByggWeb får du opp eit kart som både viser byggesaker som er under behandling, og byggesaker som er ferdigbehandla den siste tida. Her kan du sjå kor langt saka har kome i saksgangen, og du får tilgang på dokument i saka.

Slik brukar du verktøyet:

  1. Du kan søka etter adresse eller zooma deg inn til ønska område på kartet.

  2. Blå trekantar betyr byggesaker under behandling og grøne trekantar betyr ferdigbehandla byggesaker. Det kan henda at plasseringa av trekantane på kartet ikkje stemmer heilt med den verkelege plasseringa, men dei ligg i nærleiken av det aktuelle området.

  3. Klikk på trekantane for å få opp saksdokument.