Viktig melding

Lukk meldinga

Bilete

Gratis HPV - vaksine

Helsestasjon for ungdom tilbyr gratis HPS - vaksine til alle kvinner fødd i 1991 eller seinare.

Vaksinen førebygger livmorhalskreft og forstadie til livmorhalskreft.

Ta kontakt med Helsestasjon for ungdom dersom du vil ha gratis vaksine. 

Folkehelseinstituttet har meir informasjon om HPV - vaksinen.

Kva er HPV?

HPV står for humant papillomavirus. HPV - infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførde infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive, vert smitta i løpet av livet. Dei fleste vert smitta når dei er unge. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv.

Nokre får infeksjon som ikkje går over av seg sjølv, og som kan føra til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft, og 65 - 100 dør av sjukdomen.

Vaksine

Vaksina mot HPV gjev beskyttelse mot HPV - viruset. Vaksinasjon mot HPV består av tre vaksinedosar i løpet av 6 - 12 månadar.

Tilbodet om gratis vaksine gjeld i to år frå hausten 2016.

Opningstider

Måndagar kl. 14.00 - 16.30

Kartpunkt