Viktig melding

Lukk meldinga

Færre treng å ta PCR-test etter positiv hurtigtest

Illustrasjonsbilde av hurtigtest - Klikk for stort bileteDersom du har fått tre dosar covid-vaksine, eller to dosar og har vore sjuk med korona ein gong før, skal du ikkje ta PCR-test ved positiv hurtigtest.

  • Ikkje bestill PCR-test dersom du har symptom eller er nærkontakt. Vent til du eventuelt har positiv hurtigtest.
  • Registrer positiv hurtigtest digitalt i din heimkommune på hjemmetest.remin.no – sjå også kommunen si nettside.

Dette gjeld for innbyggarar i Klepp, Time, Hå og Gjesdal, frå 24.01.22. 

Hovudregelen nå er at du berre skal ta PCR-test om du er i aldersgruppa 0-16 år, eller om du treng dette for å få koronasertifikat eller om du har spesielle behov for medisinsk behandling.

– Dersom du har gyldig koronasertifikat frå før, treng du ikkje ta bekreftande PCR etter positiv hurtigtest. Koronasertifikatet er gyldig 180 dagar etter gjennomgått covid-19, 270 dagar etter andre vaksinedose og uavgrensa gyldigheit etter oppfriskingsdose, seier kommuneoverlege i Time, Øystein Øgaard.

Du finn meir informasjon på vår samleside med informasjon om koronaviruset