Viktig melding

Lukk meldinga

Luftvegslegevakta er berre for sjukdom og smittesporing

Illustrasjonsbilde koronatesting - Klikk for stort bileteLuftvegslegevakta i Klepp har ikkje kapasitet til å testa folk som skal på reise. Dei kommunale teststasjonane skal brukast ved mistanke om covid-19 og ved smittesporing.

Skal du ut og reisa må du kontakta ein privat helseaktør for å få attest på negativ test. Dei kommunale teststasjonane utfører heller ikkje testing i samband med arrangement.

Du som skal ut og reisa må sjølv setta deg inn i kva for regler som gjeld, kva slags dokumentasjon du må ha og kva type test som er godkjent der du skal. Dei private helseaktørane har ulike prisar på utføring av testar. Sjekk helseaktørane sine nettsider:

Her finn du meir lokal korona-informasjon