Viktig melding

Lukk meldinga

Treng du tilrettelagt vaksinering?

Er du redd for sprøyter, redd for vaksiner, redd for å svima av eller redd for folk? Eller har du ein sjukdom eller spesielle utfordringar med å koma deg til vaksinelokalet? Me kan hjelpa deg.

Det er viktig for oss å fortella at me har mange måtar me kan legga til rette slik at det blir mogleg for deg å gjennomføra. Du er nemleg ikkje åleine.

Me kan møta deg utanfor vaksinelokalet og følga deg inn, du kan få eige rom, du kan få legga deg ned og få kald klut på pannen. Du kan få meir informasjon og me kan prøva å finna ein vaksinatør som du kjenner og er trygg på. Me har vaksinert fleire i bil og me har vore på heimevaksinering. Og om du ikkje klarer å gjennomføra på første forsøk, legg me til rette for å prøva igjen. Det viktige for oss er bare at du tar kontakt med oss i forkant og fortel oss kva du treng hjelp til slik at me kan legga godt til rette. Ta gjerne kontakt med servicetorget på 51793000.

På bilda over kan du sjå eit glimt frå vaksineringa i helga. Her er vår trygge opptrekkar Inger og vår gode vaksinatør Gerd. Du ser også føtene på vaksinatør Rune som vaksinerer ein pasient i bilen som ikkje hadde klart å gjennomføra vaksinen om me ikkje ordna det slik. I tillegg ser du Mathias som verken har sprøyteskrekk eller er redd for folk. Han fekk sin 3. dose av Gerd i helga og hadde denne kommentaren:

- Eg kjente ingenting. Hu æ galgoe te å stikka.