Viktig melding

Lukk meldinga

Testing før oppstart i skule og barnehage

Hurtigtest for covid-19 - Klikk for stort bileteKommunane Gjesdal, Klepp, Time og Hå tilrår at alle elevar og tilsette i skule og tilsette i barnehage testar seg for korona før oppstart etter nyttår. Dei bør testa seg om morgonen den dagen dei byrjar, eller tidlegast 24 timar før.

Hurtigtestane blir delt ut frå skulane, og kvar skule vil gi nærare beskjed til foreldra om tidspunkt for henting. Du skal altså ikkje henta hurtigtest til skulestart hjå bensinstasjonane eller dei andre ordinære utleveringsstadene av hurtigtestar.
 
Dette tiltaket er i tråd med anbefalingane frå Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet.

Unntak frå testing

Dei som har hatt covid-19 dei siste tre månadane, eller har fått oppfriskingsdose for minst 7 dagar sidan, treng ikkje testa seg.

Her er bruksanvisning for korleis du tek hurtigtesten (PDF, 61 kB)

– Hald deg heime dersom du er sjuk

– Dette tiltaket kan luka ut dei som på test-tidspunktet kan smitta andre, men det gir ingen garanti for å ikkje ha covid-smitte anna enn akkurat den dagen du vert testa. Det er difor viktig å halda seg heime og testa seg dersom du får nye luftvegssymptom, seier kommuneoverlege Gerd Signy S. Omland, i Hå kommune.

– Ver obs på symptom

Barn under 18 år skal vera i heimekarantene dersom nokon dei bur i hus med eller er svært tett på (eksempelvis har vore på overnatting hjå eller leika mykje inne saman med) testar positivt. Dei skal då ikkje gå på skule eller i barnehage.

Dei kan derimot gå på skule og barnehage dersom nokon dei har truffe utanfor heimen har testa positivt.

– Sjølv om dei er fritekne karantene kan barna verta sjuke og smitta andre. Me tilrår difor at foreldre er svært forsiktige i ein slik fase, og held ungane heime frå fritidsaktiviteter og besøk ei veke etter kontakten, seier kommuneoverlege Roman Benz i Klepp kommune.
 
Eksempel: Familien har vore i nyttårsselskap der nokon viser seg å testa positivt. Dersom barnet ikkje har vore tett på den smitta, kan han eller ho gå på skulen. Men det er viktig å avgrensa fritidsaktivitetane ei veke fram i tid. 

Gult nivå

Alle skulane og barnehagane i dei fire kommunane skal halda fram på gult nivå.

Korleis tek du hurtigtest?