Viktig melding

Lukk meldinga

Råd for gode besøk på sjukeheimane i jula

Me ønsker å legga til rette for trygge og gode besøk for bebuarane våre i jula. Pårørande er hjarteleg velkomne hit! Me ynskjer at alle besøk føregår på bebuarromma, og at det difor ikkje kjem fleire om gongen enn det er grei plass til der.

For at bebuarane skal bli minst mogleg utsett for smitterisiko, ber me om at de følgjer desse råda:

Før du kjem på besøk: 

  • Hald deg heime viss du er sjuk eller har nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon 

  • Hald deg heime viss du er definert som nærkontakt. Er det spesielle behov som tilseier det, kan det gjerast unntak for dette. Ta i så fall kontakt med den ansvarlege i avdelinga for slik vurdering.  
     
  • Har du vore i situasjonar der du har vorte ekstra utsett for smitterisiko? Då er det i så fall fint om du utset besøket nokre dagar. 

Ved besøket er det viktig at du: 

  • Held avstand til andre 

  • Brukar munnbind under heile besøket  

Atriet på Hå sjukeheim:

Kan ikkje nyttast til besøk slik smittesituasjonen er nå. Når forholda tillet det vil det verta opna att.

Fleire råd til besøkande finn du på nettsida vår www.ha.no/korona
Me ber deg vidareformidla denne informasjonen til andre pårørande som ønsker å gå å besøk i jula.