Viktig melding

Lukk meldinga

Omikron er påvist blant fleire smitta på Varhaug

Førebels er det under ti påviste, men talet vil sannsynlegvis auka.
 

 

- Det er ikkje grunn til å tenka at omikron er farlegare enn andre koronavarianter, men det ser ut for å smitta lettare, seier kommuneoverlege i Hå, Gerd Signy S. Omland.

Smittesporingsteamet tek kontakt med dei som er smitta, men dei smitta må sjølv melda i frå til nærkontaktane sine. Det er stort arbeidspress for teamet, og det er dermed fint om de som har spørsmål les på nettsidene våre www.ha.no/korona for å søka råd og tips der først.

To førjulstips:

  • Reduser talet på nærkontaktar
  • Sjekk råda for testing og karantene - ikkje overdriv testinga

 

Ei annleis jul for mange

For mange blir det ei jul i karantene og isolasjon. Det vil bli ei annleis jul, men den kan like fullt bli fin. Kva med å senka skuldrene og forventningane bittelitt, og tenka på kva det er som gjer jula magisk for barna rundt deg. Det er leit når det ikkje blir slik me hadde tenkt. Men om ikkje jula blir ei turnering frå det eine store juleselskapet til det andre, så kan det kanskje bli ei jul med litt lågare tempo, litt meir augekontakt og julemagi i det små og stille.

Fredfull jul, trass alt!