Ny kommuneplan for Hå kommuneArbeidet med ny kommuneplan nærmar seg slutten. Endringane som er gjort etter siste høyring er no sendt ut på ei avgrensa høyring. Høyringsfristen er 6. juni 2024. Dersom høyringsinnspela ikkje fører til behov for vesentlege endringar, er målet at kommunestyret skal kunna vedta den nye kommuneplanen 20. juni.Forsida på samfunnsdelen av kommuneplanforslagetAvgrensa høyringDet opnast ikkje for behandling av innspel som ikkje vedkjem dei konkrete endringane. Endringsloggen syner endringane i føresegner og kart. I føresegnene og planomtalen er endringane utheva med raud skrift. Dokumenta på avgrensa høyring finn du under:OBS! Som følge av vedtak i formannskapet 23. april 2024 i sak 26/24 er det føreteke ei endring som ikkje er nemnt i endringsloggen. Endringa gjeld tilbakeføring og endring til offentleg føremål for areal til barnehage i Auren på Brusand. Kart og planomtale er korrigert.EndringsloggArealdel med føresegnerPlanomtale med kunnskapsgrunnlag (PDF, 7 MB)Hovudkart A0 (PDF, 5 MB) (Hovudkart A0 utan hensyns- og bandleggingssoner (PDF, 4 MB))Tettstadkart A0 (PDF, 4 MB) (Tettstadkart A0 utan hensyns og bandleggingssoner (PDF, 4 MB))KulturmiljøregisterKulturmiljøsonekart (H570)Merknadshefte etter førre avgrensa høyring InnspelMerknadar til høyringspunkta sendast kommuneplan@ha.kommune.no innan 6. juni 2024.Det er òg mogleg å merka innspela med «Kommuneplan» og senda dei til: Hå kommune, Rådhusgata 8, 4360 Varhaug.Lurer du på noko?Har du spørsmål kan du kontakta Hå kommune på e-post kommuneplan@ha.kommune.no, eller telefon 51 79 30 00.