Vedtekter for skulefritidsordninga i Hå kommuneUtval for opplæring og kultur har med heimel i opplæringslova § 13-7, vedteke ny kommunal forskrift om vedtekter i skulefritidsordninga i Hå, gjeldande frå 01.01.2023. Den nye forskrifta erstattar vedtektene frå 01.01.2022. I Hå kommune sitt delegasjonsreglement er det å fastsetje vedtekter for skulefritidsordninga (SFO), jf. opplæringslova § 13-7,delegert til Utval for opplæring og kultur. §1 Eigarforhold Hå kommune eig og driv skulefritidsordninga §2 Opptaksmyndigheit Hå kommune har delegert til rektor å gjera vedtak om opptak i SFO, jf. opplæringslova § 13-7 §3 Opptakskriterium Tilbodet blir gitt til elevar i 1.-4. klasse For elevar med særskilte behov i 5.-7. klasse kan føresette søkje om gratis plass i SFO. Dette tilbodet må dei søkje om på ny kvart år. Betaling for kost kjem i tillegg Alle som søkjer om plass i SFO innan 1. mars, er sikra plass. Søkjarar etter fristen kan oppleve noko ventetid i tilfelle SFO treng å auke bemanninga §4 Opptaksperiode og oppseiing av plassen i SFO Hå kommune gjev tilbod om SFO i 11 månadar med stengt i juli Føresette kan velje morgon og ettermiddag etter behov, men det går ikkje å dele opp ein ettermiddag i mindre einingar. Minimum fast opphaldstid per veke er 5 timar Innvilga søknad om plass i SFO gjeld ut 4. klasse, eller til dei føresette skriftleg seier opp plassen Oppseiing av plassen i SFO eller endring i val av tilbod, må skje seinast to månadar før endring/sluttdato gjeldande frå den 1. i månaden Ved oppseiing av plassen etter 1. april må føresette betala for plassen ut skuleåret §5 Foreldrebetaling Betalinga for tilbodet om SFO og kost blir fordelt på 11 månader. Tilbodet inkluderer ferie og fridagar, samt heile juni og august. Rett til SFO i feriar gjeld dei dagane dei til vanleg har eit ettermiddagstilbod i SFO Ved overgang frå barnehage til SFO i midten av august, betaler føresette for ein halv mnd. i august (NB! Betaling for 1. og 2. klassingar gjeld berre for tilbod utover 12 timar per veke) Det er søskenmoderasjon i SFO gjeldande frå 01.08.2022. For det yngste barnet i SFO betalar føresette full pris (NB! Betaling for 1. og 2. klassingar gjeld berre for tilbod utover 12 timar per veke) Betalingssatsane blir fastsett i eiga sak ved budsjettbehandlinga kvar haust Barnet kan miste tilbod om SFO plass ved manglande foreldrebetaling §6 Leike- og opphaldsareal SFO skal ha ute- og inneareal som er eigna til dette og blir gitt i sambruk med skulane og eventuelt barnehagane Kommunal rammeplan og plan for den enkelte SFO skildrar bruken av inne- og uteareal, inkludert nærområdet §7 Dagleg opphaldstid og årleg opningstid Dagleg opningstid er til vanleg frå 07:00 til 16:00 Administrasjonen ved kvar skule kan vedta lokale tilpassingar av opningstida På ferie- og fridagar kan tilbodet på fleire skular kan samordnast til ein skule Det blir ikkje gjeve tilbod om SFO i juli Det er lagt opp til to planleggingsdagar i SFO i løpet av skuleåret. SFO er då stengt §8 Bemanning og leiing Norma for bemanning i SFO er 1 vaksen per 12 born i første klasse og 1 vaksen per 15 born i 2.- 4. klasse Bemanninga blir justert etter tilhøve som alder, gruppesamansetjing, funksjonsnivå og born med særskilde behov Kvar SFO har eigen SFO-leiar med ansvar for innhald og organisering. Rektor ved skulen er øvste leiar for SFO Sist endra 19.01.2023 14.14