Skoga industriområde Hå kommune vil arbeida for at Skoga næringsområde skal utviklast som eit tyngdepunkt for industrietablering i kommunen. Skoga ligger rett ved fylkesveg 44 med berre 5 minutt gåavstand frå Sirevåg stasjon på Jærbanen. Her har vi store og rimelege næringsareal for sal. Området ligg òg eit steinkast frå Sirevåg hamn. I Sirevåg hamn er det 2 ISPS-terminalar/kaier. Har du behov for eit næringsareal med nærleik til hamn, fv44, E39 og godt kollektivtilbod er Skoga eit veldig eigna alternativ. Ta kontakt for meir informasjon. Sist endra 19.09.2023 04.06