Viktig melding

Lukk meldinga

Influensavaksine 2023/2024

Illustrasjonsbilde influensa - Klikk for stort bilete

Det er kanskje på tide med influensavaksinering igjen?

Influensavaksine er tilrådd særskilt for risikogruppene. Desse får rabattert vaksine. Risikogruppene vil seia alle frå 65 og oppover, gravide frå veke 12, premature born mellom 6 månader og 5 år (fødde før veke 32) og barn og vaksne med kroniske sjukdommar.

Her finn du meir informasjon om influensavaksine til risikogruppene

Innbyggarar i risikogruppene med fastlege i Hå tek kontakt med sitt legekontor og avtalar tid for vaksinering. Innbyggarar som ikkje har fastlege i Hå, kan ta kontakt med legekontoret på Nærbø. 

Legekontora på Nærbø, Varhaug og Vigrestad har tilgjengeleg timebøker på Helse Norge for nettbestilling. Du kan òg ringa legekontoret for å bestilla time.

Helsepersonell er tilrådd å ta vaksine for å beskytta sårbare pasientar, dette vert organisert via arbeidsgjevar. Bur du i hus med alvorleg sjuke eller har grisar på garden, er du òg anbefalt å ta vaksine, du kan henvenda deg til legekontoret for resept.

Alle som ønsker det kan ta kontakt med eit apotek og få sett influensavaksine der (mot betaling). Du treng ikkje resept frå lege.

NB! Innbyggarar i risikogruppene som skal ta influensavaksine, kan samtidig få tilbod om dose fem med koronavaksine viss det har gått minst seks månader sidan sist dose.

Her finn du meir informasjon om koronavaksine i Hå