Viktig melding

Lukk meldinga

– Følg smittevernråda og ta vaksinen 

Illustrasjon vaksine - Klikk for stort bileteOrdførarane på Jæren ber folk om å støtta opp under dei nye nasjonale tiltaka regjeringa presenterte i går, og oppfordrar alle til å ta vaksinen. 

– Det aller viktigaste no er at alle tek vaksinen. Både første og andre dose, og også oppfriskingsdose for dei som får tilbod om det. Vaksinen er vegen ut av pandemien, seier Jonas Skrettingland, ordførar i Hå kommune.

Alle dei fire kommunane har tilbod om både timebestilling og drop-in. 

Stor belastning på helse- og omsorgstenestene

I alle kommunane er det for tida mykje sjukefråvær i skule, barnehage og helse- og omsorgstenestene, og enkelte tilbod kan derfor bli redusert.

– Ingen er glad for at me må i gang med tiltak igjen, men no er det blitt nødvendig for å dempa trykket på helse- og omsorgstenestene. Då må me alle vera lojale og følga det som vert anbefalt: Halda oss heime når me er sjuke, halda avstand til andre, og bruka munnbind i dei situasjonane der me ikkje klarer å halda avstand, seier Sigmund Rolfsen, ordførar i Klepp.  

Ordførarane viser også til at meteren er innført igjen, først og fremst for dei vaksne, og at me alle prøver å halda nede talet på nærkontaktar.

– Barn og unge vert i stor grad skjerma for dei nye tiltaka. Då er det viktig at me vaksne gjer det me skal no, slik at det ikkje vert nødvendig med strengare tiltak som også rammer barn og unge, seier ordførar i Gjesdal Frode Fjeldsbø. 

– Støtt lokalt næringsliv 

Ordførarane er samstemte i si oppfordring til folk om å bruka sentrum, serveringsstadane og butikkane i tida som kjem.

– Statsministeren var tydeleg på at julebord og liknande ikkje treng å avlysast så lenge ein klarer å halda seg til dei nye anbefalingane. Inviter derfor gjerne til førjulsselskap i trygge rammer på ein av serveringsstadane våre. Delta på arrangement som følger gjeldande smittevernstiltak, og støtt opp om dei lokale arbeidsplassane, seier Andreas Vollsund, ordførar i Time.  

Trafikklysmodellen i skular og barnehagar 

Som ein del av dei nye nasjonale tiltaka vert trafikklysmodellen gjeninnført i skular og barnehagar. Alle skular og barnehagar vil i utgangspunktet vera på grønt nivå. Kommuneoverlegane gjer løpande vurderingar om det er behov for å endra tiltaksnivå på ein enkelt skule eller i ein enkelt barnehage.