Vedtak
Utkast til planprogram til kommunedelplan for landbruk blir i medhald av plan- og bygnigslova § 11-13 sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.
UTN ber rådmannen utsette høyringsfristen til 2.mars.
Behandling
Tor Henrik Søiland (Hå-lista) fremja tilleggsforslag til rådmannen si innstilling:
Landbruksplanen skal vera eit godt verktøy for bøndene i Hå. Planen må ikkje medføre meir pålegg og restriksjonar, men gje bøndene positiv støtte. Til dømes må tiltak med bruksrasjonalisering og eigedomsstruktur sjåast på som eit høve til vekst og nye moglegheiter. Derfor må framtidig bruk, eller eventuelt riving av bygningar, vera ei sak mellom selger og kjøper, utan at det offentlege skal gripa inn i slike forhold.
Andreas Bjorland (KrF) bad om gruppemøte, som blei halde.
Møtet tok til att.
Andreas Bjorland (KrF) fremja følgjande forslag:
UTN ber rådmannen utsette høyringsfristen til 2.mars.
Ved røysting:
Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken.
Forslag fremja av Andreas Bjorland (KrF) vart samrøystes vedteken.
Tilleggsforslag fremja av Tor Henrik Søiland (Hå-lista) fekk 3 røyster (2 Hå-lista + FrP) og falt.