Viktig melding

Lukk meldinga

STRIKK OG BOKDRØS MED SE MEG

Me inviterer til Strikk og bokdrøs. Se meg er ein interesseorganisasjon som jobbar for at barn og ungdom som pårørande skal bli sett og høyrt i deira kvardag der dei bur. Som ein del av den måten dei skaffar pengar for å drive organisasjonen, sel dei nokre heilt spesielle vottar. Desse treng dei frivillige til å strikke for seg. Det vil bli høve til å få garn og bli med på strikkedugnaden, eller kjøpe garn for å strikke vottar til seg sjølv. Ta i så fall med strømpepinnar nummer 3 og 3,5.

Anna Bergitte Skårland frå Se Meg-stasjonen presenterer Se meg og Se meg-vottane. Britt Astrid Helland Ek og Tove Obrestad Wøien frå biblioteket vil ha bokprestentasjonar, kanskje også høgtlesing. I tillegg vert det rikeleg med tid til strikking (eller anna handarbeid) og drøs.

Kaffi/te/twist. Gratis.

Dato
1. november 2018
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Varhaug bibliotek

Arrangør

Hå folkebibliotek
Adresse
Dalvegen 21
Postnummer og stad
4365 Nærbø