Viktig melding

Lukk meldinga

UTSTILLING: GUNNHILD TORGERSEN

27. januar – 24. mars 2024

Gunnhild Torgersen 
BOTNAR 
skulptur, installasjon

Tidspunkt
Laurdag 27.01.2024 14.00 - søndag 24.03.2024 17.00
Stad
Hå gamle prestegard

Gunnhild Torgersen syner utstillinga BOTNAR i nye løa på Hå gamle prestegard. Til utstillinga har ho nytta materiale som leire, sand og stein samla frå ulike geografiske område med havbotnen som fellesnemnar. Arbeida ber med seg ei fysisk erfaring av sjølve landskapet, tida og rommet som materiale ho nyttar har blitt til i.

I utstillinga syner Torgersen mellom anna skulpturane «Bunnbærere» (2021), saman med ein serie nyproduserte lysskulpturar. Verka balanserer mellom det kroppsnære og det framandgjerande, det organiske og det mekaniske. Med utsyn utover Nordsjøen resonnerer verka med omgjevnadane kring prestegarden, der dei steinete strendene med spor frå eldre tider går over i eit hav tilsynelatande uten ende.

I utstillingsteksten skriv Julia Björnberg, kurator ved Malmö Konstmuseum (utdrag): 

Som menneskeskapningar reiser Bunnbærere (2021) seg i rommet, ei skulpturgruppe i leire henta frå kysten av Bohuslän i Sverige. Likt hud, eller ei anna vernande hinne, manifesterar dei hole skala eit utanfor og eit innanfor. Bunnbærere undersøkjer roma mellom objekta for seg sjølve og holromma som oppstår inne i dei. Dei kan minna om farkostar, kapslar av tid, barrierer og av lengt. 

I leira frå den 7000 år gamle havbotnen finst fossilar, spor og restar av det som har vore. Kanskje har hender rørt ved denne massa før? Skulpturane er sette saman av delar og samanføydde med kopartrådar, som gjev ei kjensle av lettbeint rørsleevne. Dei tilpassar seg, føyer seg saman, stiller seg i vegen. Høgda og dei uregelmessige formene minner også om leirekrukker frå mellom anna det gamle Egypt brukt til oppbevaring av mat og drikke, det kvilar noko omsorgsfullt over dei.

Gunnhild Torgersen har ein master frå Malmö Konsthögskola (2011) og bur og arbeider i Oslo. Dei seinaste åra har ho mellom anna stilt ut ved Norsk Billedhoggerforening, Ørsta/Volda Kunstlag, Röstånga Konsthall (Skåne), Vermillion Sands (København), Møre og Romsdal Kunstsenter (Molde) og Noplace (Oslo). Ho har delteke på ei rekke gruppeutstillingar. Torgersen står bak det offentlege kunstprosjektet Elivåger ved Kongsberg vgs. 

 

Informasjon om hendinga

Alt-tekst, promobilete
To verk av Gunnhild Torgersen. Til venstre keramikkskulptur, til høgre ei glaslampe
Alt-tekst, toppbilete
To verk av Gunnhild Torgersen. Til venstre keramikkskulptur, til høgre ei glaslampe

Arrangør

Hå gamle prestegard