Behandling
Jonas Skrettingland (KrF) stilte spørsmål om sin habilitet etter forvaltningslova § 6 e) 2, og trådde frå utvalet.
Asgeir Pollestad tok plass som vararep.
Eit samrøystes kommunestyre fann at Jonas Skrettingland var ugild i saka.
Hå INP melder inn følgende interpellasjon:
Lyse, pristak på strøm lokalt.
INP ber Ordfører om å ta initiativ til at kommunestyret stemmer over følgende:
Hå kommune, som deleier av Lyse, ber Lyse om å utrede muligheten for salg av strøm fra Lyse direkte til sluttkunder i Hå kommune.
Det skal ved direktesalg settes et pristak på 40 øre per kWh. Se vedlegg.
Merk at tilsvarende til vedlagt skriv er sendt til samtlige kommunestyrer som har eierskap i Lyse og hvor INP er representert, totalt 13 kommuner.
Mvh
Ove Unhammer
Vedlegg i saka.
Ordføraren svara:
Representanten Unhammer ber ordføraren om å ta initiativ til at kommunestyret stemmer over om Lyse skal utgreie moglegheita for sal av straum direkte til sluttbrukarar i Hå kommune. Ved direktesal skal det setjast ei prisgrense på 40 øre per kWh. INP har fremma dette spørsmålet i fleire av Lyse sine eigarkommunar.
Eigarskapet i Lyse har tidlegare diskutert spørsmålet om direktesal av straum til innbyggjarane. Dette har blitt avvist, mellom anna fordi staten, gjennom straumstøtteordninga til private, i praksis har innført ein maksimalpris som vernar hushalda mot dei verste prisutslaga.
Regjeringa reknar med at staten vil utbetale om lag 9,75 milliardar kroner i straumstøtte til private i 2024. Straumstøtta i 2024 betyr at staten time for time betalar 90 prosent av spotprisen over 73 øre/kWh (eks mva).
Gjennomsnittleg spotpris har hittil i år vore om lag 78 øre/kWh (eks mva). Næringslivet får ikkje straumstøtte. Lyse har difor gått i spissen for å gi næringslivet i heile Sør-Noreg tilbod om fastpriskontraktar på tre, fem eller sju år. Dette har blitt godt motteke. Aarbakke AS har omtala offentleg at dei har inngått sju års fastpriskontrakt. Ein slik kontrakt gir føreseielegheit om straumprisen for åra framover. Dette passar godt for ei bedrift som produserer heile døgnet.
Ordninga gjeld førebels ikkje for private straumkundar. Fastprisavtalar for næringslivet må tilbys på marknads- og forretningsmessige vilkår. Før staten kom på banen med straumstøtte, var det enkelte norske kommunar som valde å utbetale kontantbeløp direkte til kvar innbyggjar i kommunen; Gjerne om lag 3000 kroner pr innbyggjar. Eigarkommunar i Lyse var også inne på tanken om «kundeutbytte» gjennom kontantutbetaling.
I staden for eit slikt ekstraordinært utbytte som vart utbetalt til innbyggjarane, valde eigarane å halde fast ved strategien om å motta jamt aukande utbytte frå Lyse. Utbytta disponerast fritt og kommunane nyttar dei i velferdsproduksjon sin. I fjor blei det utbetalt 700 millionar kroner i utbytte, i tillegg til 400 millionar kroner som blei gjort opp i form av eit ansvarleg lån. I hå fekk vi utbetalt 26,5 milioner i utbytte. Og ansvarlig lån 15,16 millioner.
Oppsummert vil det for alle praktiske føremål ikkje vere mogleg for Lyse å selje straum til ein makspris på 40 øre med dagens lovverk. I denne samanhengen kan det nemnast at Lyse og andre produsenter si kraftproduksjon blir beskatta med 67 prosent av marknadsprisen, uavhengig av kva krafta blir solgt for til kundane.
Jonas Skrettingland (Krf) tok plass att i kommunestyret.