Vedtak
1. UTN tek saka til orientering.
2. Fylgjande sykkel og gangvegar langsmed fylkesvegar blir prioriterte prosjekt frå Hå kommune.
Fv 44 Sykkel og gangveg Varden Ogna Camping – eks gangveg
Fv 44 Odland -Årsland
Gang og sykkelvei Hårr sør - Kvassheim
Fv 44 Vatnamot omlegging av FV 44 med sykkel og gangveg
Fv 4366 Kviavegen – Rongavegen -Jærmuseet
Fv 44 Brusand lang bustadområdet
3. Gatelys langs Skrettingvegen blir sett opp i gruppe 1 for prioriterte tiltak på gatelys. Gatelys i Holmane blir prioritert i gruppe 2.
4. Fortau langs Stokkalandsvegen frå Kvermestien til Sandhoppet blir prioritert. Det blir også prioritert gatelys ved Svingen grill og UTN ber kommunedirektøren ta kontakt med Rogaland fylkeskommune for å etablera gangfelt over FV 44 ved Svingen grill.
Kommunedirektøren søker trafikktryggleiksmidlar på prioriterte tiltak, og på småtiltak etter prioritering fra trafikktryggleiksgsgruppa.
Behandling
Utbyggingssjef Jan Sigve Tjelta hadde ei orientering.
I saksframlegget mangler det to punkter i kommunedirektøren si innstilling. Desse falt vekk under konverteringa av saksdokumentet.
Utvalet fekk derfor ettersendt følgjande justerte innstilling der alle dei opprinnelege 4 punktene er med:
" 1. UTN tek saka til orientering.
2. Fylgjande sykkel og gangvegar langsmed fylkesvegar blir prioriterte prosjekt frå Hå kommune.
a. Fv 44 Sykkel og gangveg Varden Ogna Camping – eks gangveg
b. Fv 44 Odland -Årsland
c. Fv 44 Vatnamot omlegging av FV 44 med sykkel og gangveg
d. Fv 4366 Kviavegen – Rongavegen -Jærmuseet
e. Fv 44 Brusand lang bustadområdet
3. Gatelys langs Skrettingvegen blir sett opp i gruppe 1 for prioriterte tiltak på gatelys. Gatelys i Holmane blir prioritert i gruppe 2.
4. Fortau langs Stokkalandsvegen frå Kvermestien til Sandhoppet blir prioritert. Det blir også prioritert gatelys ved Svingen grill og UTN ber kommunedirektøren ta kontakt med Rogaland fylkeskommune for å etablera gangfelt over FV 44 ved Svingen grill.
Kommunedirektøren søker trafikktryggleiksmidlar på prioriterte tiltak, og på småtiltak etter prioritering fra trafikktryggleiksgsgruppa".
Njål Sikveland (Ap) fremja følgjande tilleggspunkt til kommunedirektøren si innstilling under punkt 2:
"Foreslår med dette å ta inn gang og sykkelvei frå Hårr sør til Kvassheim inn i prioriteringslista på 3. plass (som punkt c) og flytte resten av punktene nedover".
Ved røysting:
Kommunedirektøren si innstilling med endringane som blei ettersendt (4 punkter), og saman med tilleggspunkt fremja av Njål Sikveland (Ap) blei samrøystes vedteke.