Vedtak
Kommunestyret tek sak om SFO-tilbodet i Hå til orientering. Tenesteområde for opplæring og kultur utarbeider forslag til ny kommunal forskrift om skulefritidsordning i Hå (vedtekter) og lokal rammeplan, og legg dei ut på høyring våren 2021.
Kommunestyret ønskjer:
1) -i arbeidet med lokal rammeplan at kommunedirektøren legg stor vekt på brukerperspektivet. Det er ynskjeleg med ei brukerundersøking der alle føresette som har barn i 1.- 4.klasse blir invitert.
2) - at kommunedirektøren vurderer leiing og organisering av SFO. Om det mogeleg at SFO-
tilbodet kan verte meir fleksibelt, både opningstid og opptak. Kostnader rundt desse
vurderingane må vere med.
3) - ei vurdering rundt kostnader ved å tilby søskenmoderasjon når ein har fleire barn i SFO og/
eller barnehage.
4) - frivillige inn i SFO. Dei kan bidra med å vere leksehjelp, lesevenn, vere med og organisere
leik/fysisk aktivetet mm.
Behandling
Tone Elin Berge (Ap) fremja tilleggsforslag i 4 punkt:
Kommunestyret ønskjer
1) -i arbeidet med lokal rammeplan at kommunedirektøren legg stor vekt på brukerperspektivet. Det er ynskjeleg med ei brukerundersøking der alle føresette som har barn i 1.- 4.klasse blir invitert.
2) - at kommunedirektøren vurderer leiing og organisering av SFO. Om det mogeleg at SFO-
tilbodet kan verte meir fleksibelt, både opningstid og opptak. Kostnader rundt desse
vurderingane må vere med.
3) - ei vurdering rundt kostnader ved å tilby søskenmoderasjon når ein har fleire barn i SFO og/
eller barnehage.
4) - frivillige inn i SFO. Dei kan bidra med å vere leksehjelp, lesevenn, vere med og organisere
leik/fysisk aktivetet mm.
Kommunedirektøren si innstilling vart samrøystes vedteke.
Tilleggsforslag fremja av Tone Elin Berge (Ap) vart samrøystes vedteke.