Kva kostar det?
Barnehagane har 11 betalingsterminar. Det vert lagt til 10% på deltidsplassar.
Prisane gjeld for både kommunale og private barnehagar.
Når kan du få redusert barnehagepris?
Dersom du har fleire barn i barnehage
Du får automatisk søskenrabatt om du har fleire barn i barnehagen.
- Du betalar 70% for barn nummer to.
- Du betalar 50% for barn nummer tre eller fleire.
Søskenrabatt gjeld sjølv om du har eitt barn i kommunal barnehage og eitt barn i privat barnehage.
Dersom husstanden har låg inntekt
Husstandar med lågare samla brutto årsinntekt enn 592 167 kroner kan søka om redusert pris.
Alle 2, 3, 4, og 5-åringar, og barn som har utsett skulestart, i familiar med samla brutto årsinntekt under 566 100 kroner (gjeld barnehageåret 2020/2021) kan søka om 20 timar gratis barnehage i veka.
For barnehageåret 2020/2021 gjeld gratis kjernetid for barn som er fødd i 2015, 2016, 2017 og 2018.
Her finn du søknadsskjema for redusert barnehagepris.
Søknadsfrist for redusert barnehagepris
Søknadsfristen er 1. juni for å få innvilga redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid frå og med august. Søknadar som kjem inn etter 1. juni vil bli behandla i august og vil gjelda frå september.
Du kan søka gjennom heile året. Eit vedtak om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid vil normalt gjelda fra månaden etter at fullstendig søknad er mottatt.
Hugs at du må senda søknad om redusert foreldrebetaling kvart år.
Gå til sida om redusert barnehagepris for lesa meir.