Viktig melding

Lukk meldinga

Koronavaksinen nærmar seg

Bebuarar ved sjukeheimane og omsorgsbustadene våre er prioriterte til å få koronavaksinen fyrst.

Ingen treng å ringa lege eller legevakt for å bestilla koronavaksine. Når det er aktuelt vil du få nærare beskjed.    

I januar vil me få dei fyrste vaksinedosane til Hå. Det er bare ei avgrensa mengd vaksinedosar som kjem i fyrste omgang, og bebuarar ved sjukeheimane og omsorgsbustadene våre er prioriterte.

Deretter vil vaksinen koma puljevis nedover i alder for alle over 65 år og pasientar i risikogruppene under.
Det vil dermed gå fleire månader før andre  personar under 65 år vil få tilbod om vaksine.

Du vil få beskjed

Informasjon om kor og kva tid du skal få vaksine, vil verta gjort kjent når det er klart. Det vil framgå tydeleg dersom det er behov for at du sjølv bestiller time. Det er dermed ikkje nødvendig å ringa legekontoret eller legevakta for å sikra deg plass. Legekontora har oversikt over personar i risiko, og desse vil bli kontakta.