-
Dato
-
16. juni 2024
-
Tid
-
13:00 - 13:30
-
Stad
-
Hå gamle prestegard
-
Merknad
-
På Obrestad Fyr, under arrangementet "Solfest"
Velkomen til omvising i rullesteinane utanfor Hå gamle prestegard med geolog Siri Gloppen.
Under omvisinga ser me nærmare på historia til fleire av steinane som ligg i landskapet nedanfor prestegarden. I den nye låven på Hå gamle prestegard kan ein også vitja utstillinga 500 MILLIONAR ÅRS LENGSEL av Anne-Marte Eidseth Rygh, ei utstilling inspirert av ein av steinane nedanfor prestegarden, ei flyttblokk, som er godt synleg frå vindauget inne i gallerirommet. I omvisinga med Gloppen vil publikum blant anna bli invitert med på å studera også denne steinen nærmare.
Siri Gloppen arbeider som prosjektingeniør Geo i privat næringsliv og er tidligare nestleiar i Stavangers lokallag for Norsk Geologisk Forening. Ho er utdanna geolog frå Universitetet i Stavanger, med erfaring frå mellom anna leiteteknologi, 3D-laserscanning, droneflyging og feltarbeid. Ho er ein gneistrande formidlar som haldt opningstalen for Gunnhild Torgersen si utstilling i januar, og me gler oss til eit nytt møte med henne på Hå.
Vanleg inngangsbillett gjeld.
Oppmøte i resepsjon.
Informasjon om hendinga
-
Alt-tekst, promobilete
-
Bilete av geolog Siri Gloppen, redigert på et bilete av rullesteinane utfor Hå gamle prestegard
-
Alt-tekst, toppbilete
-
Bilete av geolog Siri Gloppen, redigert på et bilete av rullesteinane utfor Hå gamle prestegard