Viktig melding

Lukk meldinga

Bilete

Hybelhuset

Hybelhuset er et døgnbemanna butilbod som er ein del av psykisk helse og rusvern. Hybelhuset består av 14 utleigebustader.  Ein av desse er en krisehybel (mellombels bustad) som tildelast av NAV Hå. Butilbodet er tilrettelagt for personar som har ei psykisk liding eller rusavhengnad med behov for tenester gjennom heile døgnet. Her kan det gis tettare oppfølging enn dei kan få i vanleg kommunal bustad.

Tenester

Tenestetilbodet vert forma i samarbeid med bebuar. Miljøterapien tek utgangspunkt i kva bebuaren treng og kva som er viktigst for meistrings- og betringsprosessar.

 

Me fokuserer på å bistå bebuarane med å finna ut og å formidla kva som er viktig for den enkelte. Me ønskjer å stimulera til myndiggjering, sosial tryggleik og optimisme. Me arbeider for å sikra at den enkelte får mulighet til å leva og bu sjølvstendig og til å ha eit aktivt og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre.

 

Du kan få hjelp til:

  • Kartlegging av hjelpebehov
  • Meistringsorienterte samtalar
  • Handtering av medisin
  • Individuell plan og ansvarsgrupper
  • Støtte til pårørande
  • Hjelp til å finne og gjennomføre aktiviteter med meining
  • Å strukturera kvardagen
  • Tilvising til vidare behandling i spesialisthelsetjenesta (rusvern)
  • Koordinering av tjenester til dømes samarbeid med andre instanser (fastlege, spesialisthelsetjenesten, tannlege, fysioterapeut)
Leiligheitane

Hybelhuset består av 6 leilegheiter og 8 hyblar. 

Alle bueiningar blir leigde ut med kvitevarer som kjøleskap, komfyr, steikjeomn. Dei fleste bueiningar har vaskemaskin og oppvaskmaskin.

Om oss

Me er ei tverrfagleg gruppe beståande av blant anna sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, ergoterapeutar og sosionomar. Avdelinga har tett samarbeid med fastlegar og spesialisthelsetenesta, primært Jæren DPS.

 

Me jobbar etter Recovery-omgrepet og har tru på at den enkelte kan leva eit meiningsfullt og tilfredsstillande liv, sjølv med alvorleg psykisk liding. Me legg til rette for deltaking og meistring i kvardagen og ser på den enkelte som ekspert på seg sjølv.

 

Dei ansatte stiller den faglege og personlege kompetansen sin og kunnskap til rådvelde for bebuaren. Me ønsker å fremma myndiggjering , identitet og optimisme. Bebuaren blir verdsett som ekspertar på seg sjølv, i kraft av erfaringane sine.

Betaling

Du betaler vanleg husleige til kommunen. Leigetakar betalar i tillegg for eigen straum og teiknar eiga innbuforsikring. 

 

Hybelhuset er ikkje ein institusjon og det gjerast enkeltvedtak om tenester. Tenester er gratis.

Kontakt

Hege Iren Vigre
Leder
Mobil: 99028680