Viktig melding

Lukk meldinga

Grøn omsorg

Grøn omsorg , også kalla "Inn på tunet", er eit organisert samarbeid mellom Hå kommune og Lode Ride- og Terapisenter på Nærbø.

Kva er grøn omsorg?

Aktiviteten gjev dette tilbodet. Her får ein gjera oppgåver som stell av dyr og vedlikehald på ridesenteret.

Kven kan få plass?

Du må:

  • søka
  • vera psykisk utviklingshemma
  • ikkje ha institusjonsplass
  • ha behov for tilrettelagt fritid
  • trivas med å arbeida og kosa med dyr
  • lika å arbeida ute med enkle gardsoppgåver
Får eg betaling?

Nei, dette er eit dagtilbod.

Personal er med for tilrettelegging og oppfølging.

Kan dagsentertilbod kombinerast med grøn omsorg?

Dette vert vurdert ved søknad. Då føretek ein kartlegging av funksjon og interesser.

Opningstider

07.45 - 15.15