Viktig melding

Lukk meldinga

Klima- og energiplan

Kommunane skal gjennom planlegging og verksemdutøving, stimulere og bidra til reduksjon av utslepp av klimagassar, samt auka miljøvenleg energiomlegging.

Klima- og energiplanen for Hå kommune er utarbeidd som ein temaplan. 24. februar 2011 vedtok kommunestyret klima- og energiplanen for Hå kommune 2010-2020. I klima- og energiplanen fokuserte kommunen på rolla si som samfunnsutviklar i forhold til dei utfordringane som klimabiletet framover viser. Kommunen er oppteken av å vere ein føregangskommune kva gjeld effektiv drift, og klima- og energiplanen vil fokusere på tiltak for å effektivisere energiforbruket og redusere utslepp av klimagassar knytt til kommunal verksemd.

Regjeringa har lagt fram ei statleg planretningsline som pålegg alle kommunar å inkludere klima og energi i sine kommuneplanar. I januar 2013, halvvegs i planperioden, blei det derfor gjort ein statusgjennomgang for å sjå på kva som er gjennomført og eventuelt om strategiar må endrast. Funna blei presenterte i rapporten «Statusgjennomgang av Energi og klimaplan 2010-2014. Hå kommune». Som oppfølging av formannskapet sitt vedtak i sak 012/10 blei energi- og klimaplanen omtalt i form av ein tekstdel, hovudmålsetjing og 4 strategiar. Desse er lagde inn i kommuneplanen sin samfunnsdel kapittel 7, jf. kommuneplanutval sak 008/13.

Vedtaket og planprogrammet klima og energi finn du under lenkene til høgre på sida.