Viktig melding

Lukk meldinga

Har du fått varsel om feiing?

Om du har mottatt eit varsel om feiing frå oss set me pris på at følgande kan vera klart før feiaren kjem:

  • Omnar, peisspjeld og luker i samband med eldstader må vera lukka.
  • Ein fast takstige med sikker festing må vera montert dersom feiaren skal feia frå taket.
  • Ein stige som kjem minst ein meter over takrenna skal ligga framme lett tilgjengeleg. Av omsyn til leikande born må stigen ligga, så feiaren kan setta han opp sjølv.
  • Er det over 5 meter til gesims, skal det væra stigefeste som forhindrer glidning. 
  • Feieluka må vera lett tilgjengeleg. Finn fram eldfast spann så du kan fjerne sot etter feiing.
  • Ein bør dekka til teppe og liknande frå kjellardøra til feieluka, for å hindra at dei vert smussa til.
  • NB! Feiing vert ikkje utført dersom ikkje stigemateriell er i forskriftsmessig stand. Trestigar er ikkje godkjent.

Atterhald om finvêr

Dersom vêret ikkje tillèt feiing, vil det verta utført førstkomande ledige dag.

 

Bilde av beksot i teglskorstein. - Klikk for stort bileteEksempel på beksot i teglskorstein.

 

Bilde av reir i sotluke/skorstein. - Klikk for stort bileteReir i sotluke/skorstein.

 

 

Bilde av brannforebyggar i arbeid. - Klikk for stort bilete

 

 

 

Kontakt

Caroline Friestad
Brannførebyggar
Mobil: 41532663
Peder Vold
Brannførebyggar
Mobil: 41532680