Viktig melding

Lukk meldinga

Reisevaksine

Hå reisevaksine held til på Vigrestad helsesenter (Langgata 27), og har ope kvar onsdag frå 08.30 til 14.00. Kontoret er ikkje tilgjengeleg på telefon, du må bestilla time digitalt på denne sida.

Skal du ut å reisa kan det vera du treng spesielle vaksinar. Før du reiser kan det vera aktuelt å vaksinera deg mot sjukdom du ikkje er vaksinert mot, eller å få oppfriskningsdose av vaksine du har fått før.

Bestill vaksineringstime i god tid før du skal reisa, gjerne fleire månader i førevegen. Nokre vaksinar må du ha fleire dosar av, som regel med fleire vekers mellomrom.

NB! Reisevaksinekontoret set ikkje BCG-vaksine. Du kan heller ikkje få vaksine om du er sjuk.

Kva vaksine bør eg ta?
Kva kostar vaksinen?
Prisliste reisevaksine per 1. mai 2023
Teneste Pris
Konsultasjon 360
2. gangs konsultasjon (påfyll, same reise) 250
Konsultasjon barn under 16 år 200
2. gangs konsultasjon barn under 16 år (påfyll, same reise) 150
Telefonkonsultasjon 250
Utfylling av nytt vaksinekort 150
Ikkje møtt til time 360
Prisliste reisevaksine per 1. mai 2023 (vaksinar)
Vaksine Pris
Difteri, tetanus, kikhoste og polio (Boostrix polio) 350
DRP + polio-grunnvaksine (Tetravac) 350
Gulfeber inkl. gult vaksinekort (Stamaril) 440
Hepatitt A (Havrix) 360
Hepatitt A barn (Havrix 0,5 ml) 290
Hepatitt B (Engerix B) 310
Hepatitt B barn (Engerix B 0,5 ml) 230
Hepatitt A+B (Twinrix) 650
Hepatitt A+B barn (Twinrix Paediatric 0,5 ml) 450
Japansk encephalitt (Ixiaro) 1030
Kolera + ETEC-diare (2 pk Dukoral) 710
Meningokokk ACWY (Nimenrix) 450
MMR - Meslinger, kusma, røde hunder (Priorix) 0
Rabies (Rabipur) 780
Tyfoidfeber - 3 kapslar (Vivotif) 270
Tyfoidfeber (Typhim-Vi) 230
Korleis kan eg betala?

Du kan betala med vanleg bankkort eller kontantar.

Timebestilling vaksinering

 

Timebestilling telefonkonsultasjon
Avbestilling

 

Korte spørsmål

Kartpunkt