Viktig melding

Lukk meldinga

Etablerarprøven

Dersom du skal vera dagleg leiar av ein serveringsstad som serverer mat og alkoholfri drikke, må du ha bestått etablerarprøven.  

Etablerarprøven skal dokumentera at du har kunnskap om økonomistyring og lovgjeving for drift av serveringsstader.

Det er Skjenkekontrollen som arrangerer etablerarprøven i Rogaland. 

  • Du får 90 minutt på deg til å ta prøven og kan ha med deg lovsamling.
  • Du treng ikkje melda deg på i forkant. Det er nok å møta opp.
  • Oppmøtetid er seinast 08.55. Prøven startar klokka 09.00.
  • Du må ha med deg gyldig legitimasjon for å ta prøven.
  • Dersom du skal ta både kunnskapsprøve og etablerarprøve, kan du gjera dette på same dag.
  • Kontakt leiar for skjenkekontrollen, Sverre Skårland, dersom du lurer på noko.

Her finn du datoane for når du kan ta etablerarprøven. 

Pensum

Du finn læremateriell til etablerarprøven på nettbutikken vinn.no.

Kva kostar det?

Det kostar 400 kroner å ta etablerarprøven.