Opptak og fristarDet er felles opptak for alle barnehagane i Hå kommune, både dei kommunale og dei private.Opptaket:Det er eit årleg opptak for barnehagane i Hå kommune. Søknadsfristen for dette er 1. mars.De kan søka om plass heile året. For å få plass frå 15. august må de søka innan fristen for opptaket og oppfylla lovkrava som gjev rett til plass.Svar på om de får barnehageplass i hovudopptaket vert sendt ut elektronisk i løpet av april.Alle som har søkt og som ikkje får plass vil automatisk stå på ventelisteEtter opptaket vil barnehagane ta inn barn frå ventelista så fort det vert ledige plassar. Lovfesta rett til barnehageplass i Hå kommune:de må søka innan 1. mars barnet må bu i Hå kommune ved oppstart i barnehagenbarnet må fylla eit år innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplassØnsker du om å byte barnehage er du med i hovedopptaket på lik linje med nye søknadar.Ønsker du endring i tilbodet legg du inn ein ny søknad.Ønsker du å seie opp plassen, kan du gjere dette i barnehageportalen. Sist endra 02.04.2024 15.00