Viktig melding

Lukk meldinga

Flyktningkrisa

Siste nytt frå Hå:


Bustadkompass:

Det er mange reglar og mange ansvarlege i prosessen med busetting av flyktningar. Synest du det er vanskeleg å finna fram i all informasjonen? Me har laga eit bustadkompass som kan hjelpa deg med å gjera vegen til busetting enklare. Kompasset kan brukast av alle, men er spesiallaga for kommunane Hå, Time og Klepp.

Slik kan du hjelpa

Sjekk ut nettsidene til Hå frivilligsentral.

På nettsidene til Frivillighet Norge finn du informasjon om korleis du kan støtta Ukraina. 

Busetting av flyktningar

Bustadkompass

Det er mange reglar og mange ansvarlege i prosessen med busetting av flyktningar. Synest du det er vanskeleg å finna fram i all informasjonen? Me har laga eit bustadkompass som kan hjelpa deg med å gjera vegen til busetting enklare.

 

Alle flyktningar med opphald i Norge har rett til å få tildelt ein busettingskommune med hjelp frå IMDi.

Har du funne ein bustad du vil bu i?

Dersom du allereie har eit nettverk i Hå, ønsker du gjerne å bu her. Å finna bustad sjølv gir deg kontroll over livssituasjonen din. 

Her kan du levera leigekontrakt til flyktningenheten ved sjølvbusetting

Ved spørsmål om busetting av flyktningar i Hå kommune, ta kontakt med Flyktningenheten i Hå kommune på 479 78 810.

Registrering av flyktningar

Alle flyktningar som kjem til Noreg må registrera seg slik at dei får tatt nødvendig helsetest og får alle rettar flyktningstatus gir. Når ein flyktning er registrert vil vedkomande få eit D-nummer som er tilsvarande eit fødselsnummer. Dette gir mellom anna moglegheit for bankkonto og mobilabonnement i Noreg. I tillegg får dei moglegheit for språkopplæring, arbeid, bustad, introduksjonsprogram med meir. 

Dersom du har flyktningar frå Ukraina som bur hjå deg, ønsker kommunen å få beskjed om det for å planlegga helsetenester og andre tenester.

Fyll ut skjema her

Kontakt flyktningenheten

Flyktningenheten i Hå:

Ta kontakt for avtale. Me er på kontoret mandag-fredag 08:00-15:00

Kor mange flyktningar har kome?
Har du plass til flyktningar?

Flyktningane har behov for ein stad å bu. Det er mange flyktningar som er i gang med sjølvbusetting i Hå. Det betyr rett og slett at flyktningar som allereie oppheld seg her lokalt, finn ein bustad sjølv. Dette er ei ordning som mellom anna gjer at folk som allereie har eit nettverk i kommunen, kan halda fram med å bu her.

Me oppmodar alle som har hus, leilegheit eller hybel tilgjengeleg om å:

  1. Legg ut bustaden på Finn.no. (Då vert dei tilgjengelege for endå fleire, og du kan kanskje få leigd ut bustaden din litt raskare.)

  2. Melda frå om utleige av bustad til flyktningar i dette skjemaet

Ved spørsmål om busetting av flyktningar i Hå kommune, ta kontakt med Flyktningenheten i Hå kommune på 479 78 810.

Kjæledyr frå Ukraina

Mattilsynet må registrera og kontrollera alle dyra som kjem til Norge med ukrainske flyktningar.  Dette må gjerast for å minimera risikoen for spredning av dødelege sjukdommar, som rabies, til menneske og dyr her til lands.  Dersom kjæledyra ikkje har blitt kontrollert ved grensepassering, er det utruleg viktig at kommunane, medhjelparar eller eigarane av kjæledyret umiddelbart tek kontakt med Mattilsynet på telefon 22400000. 

Sjå meir informasjon her: Kjæledyr fra Ukraina / Pets from Ukraine 

Treng du nokon å snakka med?

Dersom du er engsteleg eller treng nokon å snakka med i lys av krigen i Ukraina, finst det mange tilbod. Frivillige organisasjonar tilbyr støtte og informasjon. Fleire har hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper som kan vera til god hjelp. 

Du finn ei god oversikt på nettsidene til Helsenorge.