Viktig melding

Lukk meldinga

Stikk innom og få hjelp med det digitale

Treng du hjelp til å finna fram på nettet? Logga inn i digi-post eller banken? Strever du med å henga med på det digitale?

 

digitalisering - Klikk for stort bilete

 

Me har fleire tilbod til deg. Dyktige og digitale ungdommar er klar for å hjelpa deg med det du måtte lura på:

  • Kvar onsdag klokka 10-13 i Paviljongen, Nærbøparken. Du treng ikkje å bestilla tid. Det er bare å stikka innom og spørja om det du lurer på.
  • Du kan òg avtala tid og få hjelp på Hå folkebibliotek, Nærbø. Her kan du lesa meir om digihjelp på biblioteket.