Digihjelpen

Digihjelpen er eit gratis rettleiingstilbod til alle innbyggarane i Hå kommune. 

Treng du hjelp til å finna informasjon på internett, lage og bruke e-post, logge deg inn med Bank-ID, eller sende digitale søknader? Synes du det er vanskeleg å kjøpa billettar på nett eller skriva ut?

Frå september 2022 kan du bestilla tid til det du treng hjelp til. Ein frivillig datahjelper kan gje deg tips og hjelpa deg. Ta gjerne med eigen PC, nettbrett eller mobiltelefon (eller bruk ein av dei stasjonære PC-ane våre)

Korleis avtalar eg tid?

  1. Ring til biblioteket på Nærbø: 51 79 36 80
  2. Ta kontakt med skranken i biblioteket på Nærbø
  3. Skriv ein e-post til biblioteket: bibnar@ha.kommune.no