Viktig melding

Lukk meldinga

Sjukeheim

Sjukeheimane i Hå har tilbod om korttidsopphald, rehabiliteringsopphald og langtidsopphald, øyeblikkeleg hjelp og lindrande behandling.

Her finn du søknadsskjema

 

Hå sjukeheim

Hå sjukeheim er ein livsgledeheim. Me har fokus på aktivitetar som er tilpassa den enkelte, moglegheit for å koma ut i frisk luft og har ei personsentrert omsorg.

Hå sjukeheim telefonliste

1C langtid tlf. 415 32 739

2C korttid tlf. 415 32 760 (kontaktavd. for SUS)

3A langtid tlf. 415 32 738

3C langtid tlf. 992 14 903

4A langtid tlf. 415 32 735

4C langtid tlf. 415 32 787

Vaskeriet tlf. 415 32 717

Kjøkkenet tlf. 415 32 714

Adresse: Lyngvegen 14, 4365 Nærbø

 

Klokkarhagen sjukeheim

Klokkarhagen er særs tilrettelagt for personar med demens, og legg til rette for fysisk aktivitet, rekreasjon og sansestimulering. 

Telefon: 51 43 62 88

Adresse: Klokkartunet 51, 4360 Varhaug

 

Informasjon om opphald

Korttidsopphald

Kortidsopphald er eit målretta og tidsavgrensa opphald i sjukeheim. Målet med opphaldet kan vera å kartlegga helsetilstand, hjelpebehov og opptrening slik at ein kan få att funksjon og koma att til eigen heim. Tilbodet kan vera rullerande.

Rehabiliteringsopphald

Målet med eit rehabiliteringsopphald er å kartlegga helsetilstand, hjelpebehov og rehabilitering slik at ein kan koma att til eigen heim. Avdelinga har styrka bemanning på fysioterapi, ergoterapi og legetenester.

Langtidsopphald

Eit langtidsopphald er tilbod om permanent opphald for personar med behov for pleie og omsorg heile døgnet.

 

Øyeblikkeleg hjelp (ØHD)

Øyeblikkeleg hjelp på sjukeheim er eit alternativ til å verta innlagd på sjukehus, for akutt sjuke vaksne personar med kjent og avklart sjukdom, der det er behov for døgnkontinuerleg behandling og observasjon over kort tid.

 

Vidare omsorgsbehov blir vurdert innan om lag 72 timar.

 

Det er fastlegen, sjukeheimslegen, lege i akuttmottak eller legevakt som henvis til ØHD.

Lindrande behandling

Lindrande behandling på sjukeheim er aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar med uhelbredeleg sjukdom og kort forventa levetid.

 

Pris

Departementet avgjer kva det kostar for eit korttidsopphald. Frå 01.01.2024 kostar det 193 kr pr. døgn. Dersom opphaldet varer lenger enn 60 dagar skal betalinga vera lik som for langtidsopphald.

 

Kva du skal betala for langtidsopphald vert rekna ut slik:

  1. 75% av inntekta som er under folketrygda sitt grunnbeløp minus eit fribeløp (pr 01.01.2024 er fribeløpet 10 000 kr), pluss
  2. 85% av inntekta som er over folketrygda sitt grunnbeløp, inkludert renteinntekter og anna formueinntekt

Om du vil finna ut meir om betaling for sjukeheimsplass kan du lesa Forskrift om eigenandel for helse og omsorgstenesta