Viktig melding

Lukk meldinga

Tilskot til helsefremjande og førebyggande arbeid

Målsetjing

Hå kommune er ein del av Rogaland fylkeskommune sitt partnarskap for folkehelse. Hovudføremålet med partnarskapet er å samordna folkehelsearbeidet i fylket og å bidra til å nå hovudmåla i den regionale og nasjonale folkehelsepolitikken om å fremja god helse og utjamna sosiale helseforskjellar. Desse midlane skal bidra til å oppfylla målsettingar i dei gjeldande planar for folkehelse i Hå. Det vil bli lagt vekt på prosjekt som bidreg til å utjamna sosiale ulikheiter og som aukar deltakinga i nærmiljøet av grupper som deltar lite. Dette kan væra grupper av eldre, folk med psykiske utfordringar, grupper av barn og unge, innvandrarar og flyktningar m.v.

Ein kan søka om stønad opptil 10.000 kroner, men det kan gjerast unntak.

Kven kan søka?

Målgruppa for denne tilskotsordninga er frivillige organisasjonar, sosiale entreprenørar og avdelingar/fagstabar i kommunen som vil utvikla og/eller prøva ut nye folkehelsetiltak.

Prosjekt og tiltak som kan støttast

  • Prosjekt som rettar innsatsen mot samfunnsforhold som direkte eller indirekte påverkar befolkninga si helse.
  • Samarbeidsprosjekt mellom ulike aktørar som kan gje langsiktige positive verknader på folkehelsa.
  • Fellesskapsbyggande tiltak som når breidda av befolkninga, gjev betre integrering, bidreg til fysisk aktivitet for grupper som tradisjonelt får for lite mosjon, har lav terskel og lave kostnadar for brukarar og bidreg til frivilligheit og auka deltaking.

Generelle forutsetningar og kriterium for tilskot

  • Søknaden skal innehalda både kostnadsoverslag og finansieringsplan.
  • Tilskot kan utgjera maksimalt 50 prosent av prosjektet sin totale kostnad, opptil 10.000 kroner (unntak kan førekoma).
  • Utbetaling av støtte blir gitt ut frå tilsegnsbrev ved framlegging av rapport og rekneskap etter at prosjektet er gjennomført.
  • Deler av støtta kan i visse tilfelle avtalast utbetalt dersom prosjektet er kome godt i gang og utgifter er begynt å påløpa.

Kontaktperson knytt til innhald i søknaden:

Ingrid Edland-Næsse

Telefon: 992 14 914

E-post: ingrid.edland-naesse@ha.kommune.no