Viktig melding

Lukk meldinga

Ergoterapi

Du kan få ergoterapitenestar dersom du har nedsatt fysisk funksjonsevne og utfordringar knytta til meistring av daglege gjeremål.

Ergoterapeuten hjelp deg med hjelpemiddel og tilpassing av heimen din. Målet er at du ikkje skal vera avhengig av anna hjelp i kvardagen.

Dersom du har utfordringar med syn eller hørsel, har kommunen ein eigen syn- og hørselskontakt som kan hjelpa deg med det.

Kva er målet med ergoterapien?

Målet med ergoterapi er å hjelpa deg til å verta meir sjølvstendig i ditt eige liv og klara så mykje som mogleg sjølv.

Kva gjer ergoterapeutane?

Ergoterapeutene kan hjelpa deg med å:

  • kartlegga funksjonar
  • tilpassa aktivitetar
  • formidla tekniske hjelpemiddel
  • legga til rette i heimen, barnehagen, på skulen eller på arbeidsplassen
  • fremma helse
  • førebygga skade
  • gi råd og rettleiing
  • ADL trening
Kven kan få hjelp av ergoterapeutane?

Personar som strevar med, eller som kan koma til å streva med, daglege aktivitetar. Ofte er det alder, funksjonshemming, sjukdom eller skade som gjev desse vanskane.

Korleis kan eg få time hjå ergoterapeut?

Send søknadsskjema i posten til: Ergoterapitenesta i Hå, Rådhusgata 8, 4360 Varhaug.

 

Søknadsskjema finn du her (PDF, 45 kB)

 

Ikkje send sensitive opplysningar på e-post.

Opningstider

08.00 - 15.00

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000

Kartpunkt