Viktig melding

Lukk meldinga

Samanslåing av eigedomar

Eig du fleire eigedomar som ligg inntil kvarandre og disse utgjer ei eining, kan du krevje å få eigedomane samanslått og du blir sitjande igjen med eit gards- og bruksnummer.

Kven kan krevja?

Det er tinglyst heimelshavar(ar) som kan kreve samanslåing. Det må vere same heimelshaver på alle eigedomane og alle må underskriva på kravet om samanslåing.

Slik krev du

Det blir brukt eige skjema for krav om samanslåing.

 

Her finn du skjemaet om sammenslåing

             

Saman med kravet skal det følga

  • Kart over grenser eller grensestrekningar saka gjeld
  • Stadfesting at eventuelle bruksrettshavarar er varsla

 

Kart kan du henta frå kommunen sin Kartportal
 

Kravet sendast elektronisk til teknisk@ha.kommune.no eller Hå kommune, Rådhusgata 8, 4360 Varhaug.

Saksbehandling

Når me har motteke krav om samanslåing, vil me kontrollere kravet opp mot følgande vilkår:

  • Same heimelshaver på eigedomane som skal samanslåast.
  • Eigedomane må ligge inntil kvarandre.
  • At samanslåinga ikkje fører til prioritetskollisjon mellom panthavarar.
  • Samanslåing av festegrunn kan berre gjennomførast dersom festekontraktane er like og festegrunnene ligg på same grunneigedom.

Andre forhold kan ha innverknad om eigedomane kan samanslås.

Når vilkåra for samanslåing er oppfylte blir den registrert i Matrikkelen (nasjonalt eigedomsregister) og melding blir sendt til tinglysing.

Etter gjennomført samanslåing sendast nytt matrikkelbrev for eigedomen til heimelshavar.

Saksbehandlingstid

Frist for saksbehandling er 6 veker.

Kostnad

Tenesta er gratis.