Viktig melding

Lukk meldinga

Skulefritidsordninga i Hå kommune

Kva er skulefritidsordninga (SFO)?

Skulefritidsordninga er eit tilbod før og etter skuletid til barn på 1. til 4. trinn og for barn med særskilte behov på 1. til 7. trinn. SFO for barn på 5.-7. trinn med særskilt behov og tilbodet på inntil 12 timar pr. veke for første-, andre- og tredjeklassingane er gratis.

Skulefritidsordninga er ikkje ein del av grunnskoleopplæringa og skal difor vera noko anna enn skule og barnehage. SFO skal vera ein trygg opphaldsplass for barna utover skuletida, gje barna omsorg og tilsyn, leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar og vera tilpassa barna- og foreldra sine behov.

Gratis SFO-tilbod på inntil 12 timar per veke for 1. - 3. klassingar

 Første- og andre- og tredjeklassingane i Hå  får tilbod om eit gratis SFO-tilbod på inntil 12 timar per veke. Dersom de ynskjer fleire enn 12 timar, må de betala for tilleggstimane. Betaling for kost kjem i tillegg.

Inntektsgradert betaling for elevar i 1. til 4. klasse

Kommunen gir etter søknad reduksjon i foreldrebetalinga for skulefritidsordninga på 1. til 4. årstrinn slik at det per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet, dersom:

a) foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller

b) det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

Betaling for kost kjem i tillegg.

Syskenmoderasjon

De betaler full pris for det yngste barnet, får 30% rabatt for barn nummer to og 50% rabatt for barn nummer tre eller fleire. NB! Dei andre moderasjonsordningane gjeld og uansett, til dømes gratistilbodet på 12-timar for første. og andreklassingar.

SFO for barn med særskilte behov i 1.-7. klasse

Kommunen pliktar å ha eit tilbod om skulefritidsordning til barn med særskilte behov i 1.-7. klasse og.

Barn med særskilte behov har ikkje rett til spesialundervisning i skulefritidsordninga fordi skulefritidsordning ikkje er ein del av grunnskoleopplæringa, og det enkelte barns behov for bl.a. tilsyn kan vera ulikt i skule og skulefritidsordning. 

Barn i 5.-7. trinn med særskilte behov i SFO har rett til gratis SFO-tilbod. Dette søkjer føresette om for eitt år om gongen. Kva som er “særskilte behov” skal i følge lovverket sjåast i samanheng med krav i lova om at funksjonshemma barn skal ha gode utviklingsmoglegheiter, jf. opplæringslova § 13-7 andre ledd. SFO-tilbodet er gratis, men betaling for kost kjem i tillegg.

Søkje om SFO-plass, endring eller redusert betaling

All søknadsbehandling skjer i det skuleadministrative systemet Visma Flyt Skole (pålogging med ID-porten). Her er ei lenkje til innlogging i Visma Flyt Skole.

Fristen for å søkje om SFO-plass er 1.mars. Dersom du søkjer seinare enn 1. mars kan rektor innvilge søknaden dersom det er ikkje fullt. For søknadar om redusert betaling datert før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skoleåret. Søkjer de etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret. 

De presiserer i søknaden kor mange faste timar i veka de ynskjer. Minimum fast opphaldstid pr veke er 5 timar (unntak er førsteklassingane som kan ha færre enn 5 faste timar pr. veke viss dei ynskjer det), og maksimum er 21 timar. De kan kombinere eit fast tilbod av morgon og ettermiddagar etter behov, men hugs at det går ikkje an å dela opp ein ettermiddag i kortare økter. Ettermiddagsøktene har fast lengd, som kan vera noko ulik frå vekedag til vekedag. Oversikt over morgon- og ettermiddagsøktene kan de finna de på heimesidene til den enkelte skule, eller ved å kontakta skulen. Her finn de oversikt over heimesidene til dei enkelte skulane.

Prisar for 3. og 4. klasse frå 1. januar 2024 (4. klasse frå 1. august 2024)

Antall timar pr. veke

Pris pr. mnd

Kost

5kr. 750+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
6kr. 900+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
7kr. 1055+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
8kr. 1205+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
9kr. 1355+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
10kr. 1575+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
11kr. 1732+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
12kr. 1890+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
13kr. 2047+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
14kr. 2215+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
15kr. 2336+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
16kr. 2457+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
17kr. 2575+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
18kr. 2703+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
19kr. 2800+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
20kr. 2915+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
21kr. 3020+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.

Prisar for 1. og 2. klasse frå 1. januar 2024 (1.-3. klasse frå 1. august 2024)

Antall timar pr. veke

Pris pr. mnd

Kost

1-12kr. 0+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
13kr. 162+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
14kr. 325+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
15kr. 485+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
16kr. 593+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
17kr. 703+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
18kr. 810+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
19kr. 918+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
20kr. 1023+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.
21kr. 1134+ kost kr. 42,- pr. etterm./pr. mnd.

Seie opp plassen

Oppseiingstida er 2 månader med verknad frå den 1. i månaden etter. Ved oppseiing etter 1. april må de betala for SFO ut skuleåret. I Visma Flyt Skole (pålogging med ID-porten) kan du seie opp SFO-plassen. Her er ei lenkje til innlogging i Visma Flyt Skole

Opningstider og feriar

SFO har ope alle arbeidsdagar inkludert skulen sine feriar. Juli månad og to planleggingsdagar i løpet av skuleåret har SFO stengt. SFO har og stengt på julafta, nyttårsafta og onsdag før skjærtorsdag.

Kjøp av ekstra dagar

Ved ledig kapasitet kan de kjøpa heildagsplass for kr. 315,- pluss kost kr. 27,- pr. dag.

De betaler ikkje ekstra for SFO i skulen sine feriar for dei vekedagane de allereie har SFO-tilbod på ettermiddagane, men de må kjøpa heildagsplass for ekstra dagar. 

Ved kjøp av ekstra dagar må de ta kontakt med skulen. Her finn de oversikt over heimesidene til dei enkelte skulane.